E134 ved Fjæra i Etne kan bli stengd i lang tid etter det store steinskredet søndag formiddag. Geolog er på plass på rasstaden søndag.

Det er eit stort steinskred som stenger E134 i Etne.
Det er eit stort steinskred som stenger E134 i Etne. Foto: Statens vegvesen

Geolog er søndag ettermiddag på plass på rasstaden, og inspiserer raset frå helikopter. I skredet har ei rekkje store steinar enda opp i vegbanen etter å ha losna høgt oppe i den bratte fjellsida over E134. 
- Vi er først og fremst glade for at ingen personar er skadde av steinskredet, seier Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør for drift og vedlikehald i Statens vegvesen.

Vegbanen har fått omfattande skader av skredet, og det vil ta tid før vegen kan opnast att. Fleire av steinblokkene som no ligg i vegbanen må sprengast før dei kan bli fjerna.
- Fjellsida må truleg reinskast for ytterlegare lause steinar, og geologen må gje klarsignal før det er aktuelt å sende mannskap inn for å rydde vegen, seier Finden.
- Det vil uansett ikkje vera aktuelt å opne vegen att i dag, seier han.

Omkøyring for trafikken på E134 vil vera på riksveg 13 og fylkesveg 46. Her er det sett i verk tiltak for å dirigere trafikken. For trafikken som kjem nordfrå vil det vera mest aktuelt å køyre E16 til Bergen og deretter E39.

Sjå vegvesen.no/trafikk (175.no) eller appen Vegvesen Trafikk for oppdaterte trafikkmeldingar.