Betrar trafikktryggleik og framkomst på rv. 13
Statens vegvesen skal utbetre ei strekning på i underkant av 2 km på rv. 13 mellom Vangsnes ferjekai og Krossen i Vik kommune.
Prosjektet finn stad frå kaien og i retning Vik sentrum/Vikøyri.
Dette er prosjektet
Utbetringa inneber mellom anna etablering av sju møtelommer. Dette er tiltak for trafikktryggleik og framkomst.
Det har og vore problem med drenering og påfølgande skader på vegen på denne strekninga. Nye grøfter og drenering vert etablert på kritiske strekk, og 11 stikkrenner og kummar skal skiftast.
– Me er nøgde med at me kjem i gong med dette prosjektet no, seier byggeleiar Kristian Slinde i Statens vegvesen.
Prosjektet startar no i midten av april og pågår for fullt framover mot sommarferien. Det kan også bli noko arbeid etter ferien. Målet er å få alt ferdig før oppgraderinga av Lærdalstunnelen startar i september.
Slik vert konsekvensen for trafikantane
Det vert synleg anleggsaktivitet med sprenging og gravearbeid, med tilhøyrande trafikkavvikling.
– Me har forståing for ulempene med stenging og trafikkregulering, seier Slinde.
– Men strekka er smal og løysinga ein ser mange andre stader med lysregulering let seg ikkje gjere på heile denne strekka. Dette i kombinasjon med sprenging gjer at det vert eit stengeregime gjennom arbeida, forklarar han.
Framkomsten vert difor redusert i byggeperioden, men prosjektet vil betre situasjonen på sikt.
Tiltaka med trafikkavvikling vert fortløpande vurdert gjennom anleggsfasen for å legge best mogeleg til rette for trafikkflyt med minst mogleg venting.
For informasjon om trafikkregulering og stenging sjå oppdatert informasjon på 175.no eller appen Vegvesen trafikk.
Prosjektet har ein antatt kostnad på kring 11 millionar. Mesta er entreprenør.