Brannøving i E16 Flenjatunnelen
Statens vegvesen arrangerer, i samarbeid med Aurland brann og redning, brannvernøving i Flenjatunnelen torsdag 23. april.
Tidspunkt for øvinga:
- Stengd tunnel klokka 19.25-21.25.
- Manuell dirigering med ledebil klokka 18.30-19.25 (under rigging) og 21.25-22.00 (under nedrigging).
Det vil bli brukt røykmaskin under øvinga, for å simulera røyk etter bilbrann i tunnel. Etter øvinga kjem røyken ut av tunnelen i begge retningar. Røyken vil vera synleg, men er heilt ufarleg og vil forsvinna raskt.
Konsekvens for nabotunnelane
Gudvanga- og Fretheimtunnelen vil også verta stengd under øvinga.
Dei ligg like ved Flenja, på kvar si side, og Vegvesenet ynskjer ikkje opphoping av trafikk mellom tunnelane.
Det vil stå dirigentar ved dei tilstøtande tunnelane for å bistå lokal trafikk.
Trygg tunnel
– Vi har forståing for at stengde tunnelar kan skapa utfordringar for trafikantane. Men då er det viktig å minna om at vi gjer dette nettopp for dei, som ein del av vårt kontinuerlege arbeid, kvar dag, heile året, med å halda tunnelane trygge, seier brannvernleiar Kjetil Larsen i Statens vegvesen.
Det er krav i tunnelsikkerheitsforskrifta og for tryggleiksgodkjenning at vegvesenet skal halda slike beredskapsøvingar.
Samfunnsberedskap
Statens vegvesen er ein del av den totale samfunnsberedskapen. Å førebu seg på andre situasjonar enn kvardagen er ein sentral del av dette.
– Vegdrift handlar om konsekvens. Vi gjer derfor det vi kan for at stengingar, både akutte og planlagde, skal bli så korte som mogleg, legg Larsen til.
– Beredskapsøving i tunnelar er eit døme på ei planlagd og naudsynt stenging. Ved å øva saman med naudetatane og transportnæringa drillar vi våre rutinar og sørger for at beredskapslinjene er best mogleg førebudde den dagen ein situasjon skulle inntreffa, avsluttar han.
Øvingar som denne er ein av viktig del av Statens vegvesens samfunnsoppdrag med å syta for eit effektivt, trygt og føreseieleg framkomeleg vegnett.