Frå Ølen til Mørkeli startar Statens vegvesen snart på eit etterlengta prosjekt som varar to og eit halvt år.

– I dette prosjektet skal me utbetra 6,3 km av E134 slik at vegen får gul midtstripe og forsterka vegoppmerking, som består av rumlefelt i midten og  på sidene. Fleire kurver skal rettast ut og det skal gjerast arbeid med sideterrenget for å betra sikta. I tillegg skal vegstrekket asfalterast og rekkverk skal utbetrast/skifast ut. Ei ny bru er også del av prosjektet, seier prosjektleiar Johannes Handeland i Statens vegvesen.

Anleggsarbeida startar etter planen i juni.

Skisse av prosjektet Ølen-Mørkeli. Her frå Fikse. Illustrasjon: Statens vegvesen
Skisse av prosjektet Ølen-Mørkeli. Her frå Fikse. Illustrasjon: Statens vegvesen

Trafikantane vert påverka i varierande grad gjennom anleggstida.

Vegen vil bli stengd i kortare periodar i samband med sprengingsarbeid. Det vil også bli nytta trafikklys på deler av strekninga. Manuell dirigering og nedsett fartsgrense er også aktuelle tiltak i byggeperioden.

– Vi har forståing for at dette kan mellombels verta krevjande for trafikantane, men hugs på at vi gjer dette for dei, for at vegen i området skal verta betre, slik det lenge har vore eit ønske om.

Trafikkreguleringa handlar også om tryggleiken for arbeidarane. Fart i anlegg er eit tema Statens vegvesen tar på største alvor.

Prosjektet og tilbydarane

Prosjektet er finansiert gjennom Haugalandspakka og med statlege midlar. Her er vår prosjektside.

Det er Vossa-firmaet Hirth Himle Entreprenør AS som har levert det beste tilbodet på prosjektet E134 Ølen-Mørkeli.

Desse leverte tilbod

Tilbydar Tilbodssum eks. mva:
Hirth Himle Entreprenør AS frå Voss 164 779 262
Birkeland AS frå Sveio 171 248 636
Brødrene Flatebø AS frå Etne 183 869 023
Brødrene Thorkildsen AS frå Vanse 188 665 723
Risa AS frå Nærbø 202 967 068
Vassbakk & Stol AS frå Karmøy 210 650 637

Dette er drift og vedlikehald

– Dette prosjektet går rett inn i kjernen av det drift og vedlikehald av riks- og europavegnettet handlar om. Det å utbetra kurver gir betre køyreoppleving, og å utbetra sideterreng gir betre sikt. Rumlefelt gjer at trafikantane merkar om dei ligg feil i vegen; dette bidreg også til jamnare og betre køyring. Alt  dette handlar om å ta vare på det vi har, noko som er det finaste du kan gjera både for trafikantane, samfunnet og klimaet.

– Drift og vedlikehald er ei lang rekke prosjekt som kvar for seg kanskje ikkje utgjer så mykje, og ikkje er dei mest kostbare, men som i sum har stor betydning for kvardagen til folk, tryggleiken på vegane og konkurransekrafta for næringslivet. Dette prosjektet er eit godt døme på det, avsluttar Handeland.

Aktuelt for fylke(r): Rogaland, Vestland