Både onsdagen før Kristi himmelfartsdag og fredagen før pinse blir blant dei travlaste trafikkdagane i mai.

Trefeltsveg med motorsykkel i høyrefelt og biler i de to andre.
Våren og forsommeren markerer starten på «ulykkessesongen», perioden med flest alvorlege trafikkulykker. Foto: Henriette Erken Busterud / Statens vegvesen

Mai byr på to lange helger som gir mykje trafikk på kort tid. Mange skal på hytta, på besøk eller på korte ferieturar, samstundes som syklistar, gåande og motorsyklistar er tilbake for fullt i trafikkbiletet.

– Dette er ein periode der det fort kan bli kø, utolmod og farlege situasjonar. Då er det ekstra viktig å ta det med ro og vise omsyn, seier Nils Karbø, avdelingsdirektør for Vegtrafikksentralen i Statens vegvesen.

Travlaste dagar: onsdag og fredag

Onsdag 13. mai og fredag 22. mai ser ut til å bli dei mest trafikkerte dagane.

– Mange reiser omtrent samstundes, og då blir det fort forseinkingar. Rekn med god tid, og unngå risikofylt forbikøyring for å «ta igjen» nokre minutt, seier Karbø.

Statens vegvesen følgjer trafikken tett og gir oppdatert trafikkinformasjon på vegvesen.no/trafikk og i Vegvesen trafikk-appen.

Mjuke trafikantar og MC – eit alvorleg bakteppe

Våren og forsommaren markerer starten på «ulykkessesongen», perioden med flest alvorlege trafikkulykker.

– Tre motorsyklistar har mist livet så langt i år. Det er alvorleg, og det understrekar kor sårbare MC-førarar og andre mjuke trafikantar er, seier Karbø.

Han ber både bilistar og motorsyklistar om å vere ekstra merksame:
– Sjå etter syklistar, gåande og MC, spesielt i kryss, ved avkøyrsler og på utfartsvegar. Små feil kan få store konsekvensar.

Køyr forsiktig – kom trygt fram

Statens vegvesen oppmodar alle som skal ut på vegane i mai til å:

  • tilpasse farten etter forholda
  • halde god avstand
  • unngå stress og risikable manøvrar
  • vise ekstra omsyn til mjuke trafikantar

– Målet er at alle skal kome trygt fram og heim att etter langhelgene. Litt lågare fart og litt meir tolmod kan redde liv, seier Karbø.