Statens vegvesen har brannøving i Vangstunnelen på Voss tysdag 22. september.

Øvinga finn stad på dagtid, og tunnelen vil vera stengd inntil to timar i tidsrommet 12.00-14.00.

Vanlegvis er tunneløvingar på tida av døgnet med minst trafikk, altså om natta.

Denne øvinga er lagt til dagtid fordi Nordisk Vegforum skal vera med. Dette forumet har i år sitt årlege møte i Noreg, og befaring i tunnelar på E16 er ein del av programmet.

E16 Vangstunnelen og Voss sentrum. Kart: Statens vegvesen
E16 Vangstunnelen og Voss sentrum. Illustrasjon: Kart: Statens vegvesen

Utrykking for brannvesenet er også ein del av øvinga, for å gjera ho så realistisk som mogleg. Voss brannvern vil difor rykka ut frå brannstasjonen på Tvildemoen i samband med øvinga.

Denne utrykkinga skjer gjennom sentrum, fordi innrykk i tunnelen etter brannrutinane skal skje frå Bergens-sida.

Dette skuldast oppsettet av viftesystemet i tunnelen. Viftene er sett opp slik at røyk i tunnelen vert blåst ut i retning Oslo.

Det vil bli brukt røykmaskin under øvinga, for å simulera røyk etter bilbrann i tunnel. Etter øvinga kjem røyken ut av tunnelen, i retning Oslo. Røyken vil vera synleg, men er heilt ufarleg og vil forsvinna raskt.

Det vil, medan øvinga, pågår, bli auka trafikk gjennom Voss sentrum. 

– Gjer dette for trafikantane sin tryggleik

– Vi har forståing for at stengde tunnelar kan skapa utfordringar for trafikantane. Men då er det viktig å minna om at vi gjer dette nettopp for dei, som ein del av arbeidet med å halda tunnelane trygge, seier brannvernleiar Ove Edgar Amundsen i Statens vegvesen.

Det er krav i tunnelsikkerheitsforskrifta og for tryggleiksgodkjenning at vi skal halda slike beredskapsøvingar, legg han til.

Øvingar som denne er ein av viktig del av Statens vegvesen sitt kontinuerlege arbeid med å syta for eit effektivt, trygt og framkommeleg vegnett.

Totalberedskap

Statens vegvesen er en del av den totalberedskapen. Å førebu seg på andre situasjonar enn kvardagen er ein sentral del av dette.

Vegdrift handlar om konsekvens. Vegvesenet gjer derfor alt som er mogleg for at stengingar, både akutte og planlagde, skal bli så korte som mogleg.

Aktuelt for fylke(r): Vestland