Statens vegvesen skal tysdag 8. september ha øving i Bømlafjordtunnelen.

Øvinga tar utgangspunkt i ein kollisjon og røykutvikling med tre bilar involvert.

Øvinga har fokus på:

¤ Trippelvarsling, inklusiv tverrfaglig samvirke på nødnett.

¤ Felles situasjonsforståing ved bruk av kommunikasjon, samhandling og samvirke med VTS.

¤ Felles situasjonsforståing og beslutningstaking knytt til røykspreiing, ventilasjonsstrategi og innsats i tunnel

¤ Teste beredskapsplanverket og sikkerheitsutrustning i tunnel

E39 Bømlafjordtunnelen.
E39 Bømlafjordtunnelen. Illustrasjon: Kart: Statens vegvesen

Trafikkavvikling:

Det blir kolonnekøyring fra 23.00-00.00 på kvelden måndag 7. september medan tunnelen blir rigga for øvinga.

Øvinga startar klokka 00.00 natt til tysdag 8. september og vil vare maksimalt ein time. I dette tidsrommet vil tunnelen vere stengd.

Frå naudetatene stiller politi og brannvesen. I tillegg kjem Røde Kors med markørar og beredskapsambulanse.

Aktuelt for fylke(r): Vestland, Rogaland