Det er no opna ein heilt ny døgnkvileplass med tungbil-lading på E39 Sande i Sunnfjord.

Døgnkvileplassen ligg strategisk plassert mellom Lavik og Førde, nær kryssområde til E39.

Døgnkvileplassen har 15 oppstillingsplassar, og er utforma slik at tungbilane kan manøvrera til og frå utan å rygga. Hurtigladestasjonen kan gi opptil 400 kW på kvar av dei 10 ladeuttaka.

Sjåførane kan nytta seg av dei moderne fasilitetane med dusj, toalett og opphaldsrom medan dei tek lovpålagt døgnkvile og pause.

Det har frå opningsdagen 21. august vore mogleg å lada på plassen.

Døgnhvile AS har bygd opp plassen i samarbeid med Uno-X som har ladebiten. Døgnhvile AS skal driva døgnkvileplassen etter avtale med Statens vegvesen i 10 til 12 år.

Døgnkvileplassen ved E39 Sande i Sunnfjord. Foto: Døgnvhvile AS
Døgnkvileplassen ved E39 Sande i Sunnfjord. Foto: Døgnhvile AS

Styrker næringsliv og tryggleik

– Det er viktig for næringslivet på Vestlandet med føreseieleg logistikk. Tilrettelagde kvileplassar sikrar at transporten av gods og tenester flyt effektivt og trygt. Med den nye ladeplassen og dei neste som kjem langs E39 legg vi til rette for at heile landet kan ta del i det grøne skiftet, seier koordinator Geir Lorens Jørgensen i Tungbilpakken i Statens vegvesen.

Tidlegare i år opna også døgnkvileplass E39 Skei i Jølster ladestasjon for tunge køyretøy.

Dette er den vidare satsinga

Først ut i oppgradering av tilbodet langs E39 på Vestlandet, blir den eksisterande døgnkvileplassen E39/ Rv. 15 Nordfjordeid Uno-X som får tungbillading i løpet av året.

Det er vidare lyst ut konkurranse for strekninga E39 Knarvik - Oppedal i Nordhordland. Ein ny døgnkvileplass med ladetilbod langs denne strekninga kan stå klar innan våren 2028.

Dei neste strekningane Vegvesenet vil invitere til nye konkurransar om, er E39 Bergen nord og E39 på Stord. Desse to konkurransane blir lyst ut vinteren 2026/ 2027 med krav om tungbillading.

I løpet av 2027 er det plan om å lysa ut konkurranse for ny døgnkvileplass med ladetilbod sør for Bergen.

Fleire i Rogaland

I september i fjor opna ein av landets største og flottaste døgnkvileplassar på Aksdal i Rogaland med tungbillading frå Uno-X.

Døgnkvileplassen E39 Sokn i Stavanger har i sommar fått auka kapasiteten med ti plassar, slik at det no er 23 oppmerka oppstillingsplassar her. Det er førebels ikkje planar om tungbillading på Sokn.

Statens vegvesen jobbar for å få etablert ein større døgnkvileplass med tungbil-lading nær E39 på Nord- Jæren. Transportnæringa har over mange år hatt eit veldig stort behov for kvileplass til sjåførane i Forus-området. Det er mål om å få på plass eit slikt tilbod her innan år 2030.

Det er kritisk at ein ny døgnkvileplass i Forus-/ Stavanger-områdeter ferdig seinast til E39 Rogfast opnar i 2033, og dei 23 oppstillingsplassane på Sokn må leggjast ned.

Sør i Rogaland er det i dag døgnkvileplassar langs E39 ved Søylandskiosken i Gjesdal og på Vikeså i Bjerkreim. Ingen av desse har tungbillading i dag.

Statens vegvesen vil til neste år lysa ut konkurranse om etablering av nye døgnkvileplassar langs E39 mellom Moi og Skurve. Det vil då også bli stilt krav om tungbillading på denne strekninga.

Ladeinfrastruktur for tungbil

Ladestasjonane som er etablert langs E39 i Vestland og Rogaland har til no gitt  ein attraktiv korridor for elektrisk tungtransport frå Jølster i nord til Skurve i sør. I løpet av året vil tilbodet bli utvida til Nordfjordeid i nord.

I tillegg til nye ladestasjonar på døgnkvileplassane langs E39, er det også bygd ut ladeinfrastruktur for tungbil som følge av Enova si støtteordning til undervegslading. Fastcharge opna i september i år ny ladestasjon på Skurve i Gjesdal.

Dei vil i løpet av oktober også opna ladestasjonar både på Heiane i Stord, samt på Haukås nord i Bergen. Uno-X har også etablert dedikert ladar for tunge køyretøy på sin stasjon på Nyborg i Åsane.

Den nye døgnkvileplassen på Sande er slik sett blitt ein av fleire viktige ladestasjonar i tilrettelegginga for elektrifisering av tungtransporten på Vestlandet.

Aktuelt for fylke(r): Vestland, Møre og Romsdal, Rogaland, Trøndelag