Stengjer E16 Sundve det meste av to netter
Statens vegvesen stengjer E16 på Sundve nord i Voss herad to netter neste veke.
Årsaka er arbeid med ny stikkrenne (rør som leiar vatn under vegen) og masseutskifting.
Vegen vert stengd 00.00-0300 og 03.30-05.30 natt til tysdag og torsdag.
Trafikk blir sleppt igjennom klokka 03.00-03.30 båe netter.
– Jobben er ikkje mogleg å gjennomføra på ein sikker måte utan å stengja vegen, understrekar byggjeleiar Ivar Bergstrøm Lutro i Statens vegvesen.
– Me har forståing for at det er krevjande for trafikantane, men hugs at me gjer dette for dei, for at vegen framleis skal vera trygg og trafikksikker. For Statens vegvesen vil tryggleiken alltid trumfa alt, også for dei som arbeider på vegen, til beste for trafikantane, legg han til.
Jobben vert lagt til natta, den tida av døgeret det er minst trafikk, for å minimera ulempene for trafikantane.
-
Bilde 1 av 4: I dette området på E16 på Sundve skal Statens vegvesen gjera eit arbeid to netter neste veke. Foto: Statens vegvesen -
Bilde 2 av 4: I dette området på E16 på Sundve skal Statens vegvesen gjera eit arbeid to netter neste veke. Foto: Statens vegvesen -
Bilde 3 av 4: I dette området på E16 på Sundve skal Statens vegvesen gjera eit arbeid to netter neste veke. Foto: Statens vegvesen -
Bilde 4 av 4: I dette området på E16 på Sundve skal Statens vegvesen gjera eit arbeid to netter neste veke. Foto: Statens vegvesen