Nattarbeid i Hardanger-tunnelar på rv. 13 og rv. 7 denne veka og neste
Statens vegvesen legg sprøytebetong i tunnelar på rv. 13 og rv. 7 i uke 41 og 42, altså denne veka og neste.
Arbeida er ein del av tunnelvedlikehaldet og er ein del av oppfølginga etter systematisk spettreinsk i tunnelen.
– Sprutbetong legg vi på for å stabilisera fjellet og sikra varig tunnelsikring. Betongen treng herdetid før tunnelen kan opnast for normal trafikk, seier byggeleiar Ivar Bergstrøm Lutro i Statens vegvesen.
Av omsyn til sikkerheita for både trafikantar og arbeidsmannskap vil tunnelane bli stengd i periodar medan arbeida pågår.
Dersom arbeida tar kortare eller lengre tid enn planlagt, kan det bli behov for å justera dei påfølgende arbeidstidene. Statens vegvesen vil i så fall informera fortløpende i appen Vegvesen trafikk og på 175.no, viss det blir endringar i tidsplanen.
Dette er kanalar vi alltid oppmodar trafikantane om å bruka, presiserer Lutro.
Rv. 13 Tyssedaltunnelen
Det jobbast onsdag 07. og torsdag denne veka, 7. og 8. oktober
Arbeidstid frå kl. 23.00 til 06.00.
Frå kl. 20.00 til 23.00 vert trafikken avvikla med ledebil og ved gjennomslipp.
Stengt:
- Kl. 23.00-01.00
- Kl. 01.15-03.15
- Kl. 03.30-05.30
Gjennomslepp:
- Kl. 01.00-01.15
- Kl. 03.15-03.30
- Kl. 05.30-06.00
Rv. 7 Stiganestunnelen
Arbeid måndag 12. oktober.
Arbeidstid frå kl. 20.00 til 06.00.
Frå kl. 20.00 til 22.00 vert trafikken avvikla med ledebil.
Stengt:
- Kl. 22.00-00.00
- Kl. 00.15-02.15
- Kl. 02.30-04.30
- Kl. 04.45-05.30
Gjennomslepp:
- Kl. 00.00-00.15
- Kl. 02.15-02.30
- Kl. 04.30-04.45
- Kl. 05.30-06.00
Rv. 7 Kvernhushaug- og Storegjeltunnelen
Arbeid tirsdag 13. og onsdag 14. oktober. Trafikkregulering som i Stiganestunelen.
– Vi beklagar ulempene arbeida medfører, og oppmodar trafikantane om å planleggja reisene sine i samsvar med stengingsperiodane. Vi oppmodar trafikantane om å møta i god tid før gjennomsleppa, avsluttar byggeleiar Ivar Bergstrøm Lutro i Statens vegvesen.
Statens vegvesen oppmodar som alltid trafikantane til å følga med på appen Vegvesen trafikk og 175.no.