Fleire kontrollar, betre informasjon og tettare samarbeid skal gjere vintertrafikken tryggare når turistane igjen kjem til Nord-Noreg.

No kjem vinteren. Her frå E10 i Lofoten eit tidlegare år.
No kjem vinteren. Her frå E10 i Lofoten eit tidlegare år. Foto: Bård Asle Nordbø, Statens vegvesen

Samstundes blir det jobba med ei ny digital løysing som skal gje turistar trafikksikkerheitsinformasjon på fleire språk.

Vinterturismen har gjeve eit stort løft for mange lokalsamfunn i Nord-Noreg. Samstundes har veksten skapt nye utfordringar på vegane. Mange utanlandske turistar møter snø, is, mørketid og krevjande køyreforhold for fyrste gong.

Inn mot vintersesongen 2026–2027 held derfor Statens vegvesen og ei rekkje samarbeidspartnarar fram innsatsen for tryggare turisttrafikk.

Tryggleiken til alle trafikantar

– Målet er klart: Turistane skal koma trygt fram, samstundes som den aukande turisttrafikken ikkje skal gå ut over tryggleiken til andre trafikantar, seier Sara Beate Aspen, som leier arbeidet i innsatsgruppa.

Arbeidet starta etter ei alvorleg ulykke på E10 i Troms i januar. Få dagar seinare inviterte Statens vegvesen ei rekkje aktørar til møte i Tromsø.

Målet var å skape felles forståing for utfordringane, og bli einige om kva tiltak som bør prioriterast.

Sidan har Statens vegvesen samarbeidd med mellom andre politiet, Troms fylkeskommune, Tromsø kommune, reiselivsnæringa, leigebilnæringa, Innovasjon Noreg, Avinor og Trygg Trafikk.

Meir informasjon og betre brøyting

Fleire tiltak er allereie sette i gang. Arbeidet er no organisert i fire arbeidsgrupper under det nyoppretta Nasjonalt forum for turisttrafikk på veg.

  • Betre informasjon til leigebilturistar
    Leigebilkundar skal få betre informasjon om mellom anna vinterkøyring, vêr og føreforhold. Det er laga ein bransjestandard for leigebilaktørar, og det er innført informasjonsmateriell i leigebilar og refleksvestar til alle sete.
  • Alternativ til leigebil
    Arbeidet ser og på korleis turistane kan få betre alternativ til å køyre sjølve. Utfordringa er at mange turistområde har avgrensa kollektivtransport, og at rutetilbodet ofte er tilpassa skule- og arbeidsreiser framfor turisttrafikk. Det er etablert samarbeid mellom guideforeining og naudetatar.
  • Samordna informasjon på fleire språk
    Tryggleiksinformasjon blir delt på fleire språk og gjennom fleire kanalar, mellom anna med internasjonale turoperatørar og gjennom visumkontor.
  • Betre fysisk tilrettelegging
    Det blir òg arbeidd med tiltak ute på og langs vegane. Blant tiltaka er auka brøyting av avkøyrsler og utfartsparkeringar.

Nasjonalt forum for turisttrafikk på veg

Nasjonalt forum for turisttrafikk på veg skal samle myndigheiter, vegeigarar, reiselivsnæringa, trafikantar og andre for å møte utfordringane som følger av auka turisttrafikk på norske vegar. Forumet skal bidra til betre samarbeid og samordning av tiltak, med særleg vekt på trafikksikkerheit, framkome og hensynet til natur og lokalsamfunn. Grethe Vikane, avdelingsdirektør for Samfunnsutvikling og klima, leier det nasjonale forumet.

Turisttrafikken skaper utfordringar som går på tvers av både sektorar og aktørar, seier Grethe Vikane.
- Målet med forumet er å dele kunnskap og samarbeide betre om tiltak som gir tryggare trafikk og god framkome, og som samstundes tek omsyn til naturen og lokalsamfunna som er berørt av vegane.

Les meir: Roadtrip in Norway

Vil samle informasjonen på ein stad

Eit viktig forslag i det vidare arbeidet er Safetravel Norway, ein digital informasjonsplattform og ein mobilapp som skal gje turistar trafikksikkerheitsinformasjon tilpassa staden dei er på.

Her vil turistane mellom anna kunne få informasjon om vinterkøyring, vêr- og føreforhold og trygg og ansvarleg ferdsel i Noreg. Informasjonen skal vera tilgjengeleg på ei rekkje språk.

Løysinga skal utviklast i samarbeid mellom offentlege aktørar, reiselivsnæringa og beredskapsmiljø og er inspirert av Safetravel Iceland.

Planane og kravspesifikasjonen er klare, men finansieringa er førebels ikkje på plass.