Statens vegvesen gjer arbeid i rv. 13 Tunsbergtunnelen 16.-20. november.

– Vi skal oppgradera telefonisystemet i SOS-skapa, noko som er nødvendig for at trafikantar framleis skal kunna varsla Vegtrafikksentralen viss det skjer noko i tunnelen, seier byggjeleiar Mathias Riber Kronstad i Statens vegvesen.

Jobben startar måndag kveld.

Arbeider om natta for å minimera ulempene for trafikantane

Jobben vil finna stad på natt, klokka 21.00-06.00, den tida på døgnet då det er for minst trafikk. Dette for å minimera ulempene for trafikantane.

Det blir trafikkavvikling med ledebil. Trafikantar på må rekna med inntil 15 minutt ventetid.

Rv. 13 Tunsbergtunnelen i Voss herad, mellom Flatlandsmoen og Granvin. Kart: Statens vegvesen
Rv. 13 Tunsbergtunnelen i Voss herad, mellom Flatlandsmoen og Granvin. Illustrasjon: Kart: Statens vegvesen

Lærdalstunnelen

Rv. 13 er ein av omkøyringsvegane medan E16 Lærdalstunnelen vert oppgradert, ein jobb som startar 16. november, med stengjetid 18.00-06.00.

Mange vil kanskje lura på kvifor Statens vegvesen har arbeid på denne omkøyringsvegen i delar av det same tidsrommet.

– Då vil me for det første minna om at Tunsbergtunnelen ikkje på noko tidspunkt skal vera stengd dei fire nettene dette arbeidet varar. Ledebilen går kontinuerleg, understreker Kronstad.

– Og så vil me presisera at fortløpande nødvendig arbeid på vegnettet, slik som dette, er eit kontinuerleg arbeid som må gjerast heile året, i tillegg til store oppgraderingsprosjekt som det i Lærdalstunnelen, avsluttar Kronstad.

Aktuelt for fylke(r): Vestland