Statens vegvesen gjer fram til jul arbeid på E39 Skiparvik bru, sørgåande retning, like sør for Troldhaugen i Bergen.

Vedlikehaldsarbeidet starta denne veka, og pågår heile døgnet fram til 21. desember.  Det vil også bli arbeid etter jul, fram til april.

Brufugene skal byttast til tette fuger for å ta vare på konstruksjonen under. Det er nødvendig med ein del utstyr i samband med arbeidet, noko som gjer at både venstre og høgre køyrefelt er stengd. Trafikken vert leia over på banketten, altså stripa langs kanten av køyrebana.

– Vi har forståing for at dette vegarbeidet er krevjande for trafikantane på denne høgt trafikkerte strekninga, men dette er nødvendig bruvedlikehaldsarbeid som ikkje kan venta, seier byggeleiar Gunnar Juuhl i Statens vegvesen.

Brua vart bygd i 1978. Skal den vare i 50 år til, må dette gjennomførast.

Det kan bli noko venting, i verste fall opp mot 60 minutt.

Statens vegvesen tilrår trafikantar som kan, å velja andre køyrevegar, til dømes til og frå Bergen lufthavn Flesland. Knappetunnelen er eit godt alternativ.

Statens vegvesen tilrår som alltid trafikantar å planlegga ruta si via appen Vegvesen trafikk, eller på Vegvesenets nettside 175.no.

E39 Skiparvik på E39 sørgåande i Bergen, like før for Troldhaugen. Kart: Statens vegvesen
E39 Skiparvik på E39 sørgåande i Bergen, like før for Troldhaugen. Illustrasjon: Kart: Statens vegvesen

 

Aktuelt for fylke(r): Vestland