Vegvesenet gjer arbeid ved E6 Snåsavatnet dei neste tre vekene.

Arbeidet mellom Rennset og Vegset på E6 starta i dag tidleg, og skal etter planen vera ferdig til 10. desember. 

Dette er jobben og konsekvensane

– Vi skal sikra to av bergskjeringane på strekninga. Arbeidet er ein kombinasjon av reinsk, bolting og etablering av isnett, seier byggeleiar Cecilie Hestås Hove i Statens vegvesen.

Arbeida skjer på dagtid klokka 07.00-19.30, alle dagar i veka. 

Vegen vil vere open heile tida, men det vil vere endra køyremønster og nedsett fartsgrense, og det vil forekome manuell dirigering og lysregulering.

– For alles tryggleik

– Respekter skilting og fartsgrense, som er sette i tråd med regelverket for vegarbeid. Det er for alles tryggleik, både trafikantane og dei som jobbar på vegen for trafikantane, legg byggeleiaren til.

Statens vegvesen tilrår alle trafikantar å følge med på appen Vegvesen trafikk eller 175.no. Der får ein til ei kvar tid informasjon om arbeida og trafikkavviklinga. 

Strekninga blir gjennomsnittlig trafikkert av 2.400 køyretøy per døgn. Det er dette som blir kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Fartsgrensa er vanlegvis 80 km/t. 

Det skal jobbast på den markerte strekninga ved nordaustenden av Snåsavatnet. Illustrasjon: Statens vegvesen
Det skal jobbast på den markerte strekninga ved nordaustenden av Snåsavatnet. Illustrasjon: Statens vegvesen
Aktuelt for fylke(r): Trøndelag, Nordland