E6 gjennom Øyertunnelen, nord for Lillehammer, blir stengd om natta i veke 48 og 50 på grunn av elektroarbeid i tunnelen.

Biletet viser innsida av Øyertunnelen, med ein del parkerte arbeidsbilar.
Kamerasystemet i Øyertunnelen skal skiftast ut. I første omgang skal det leggjast nye kablar for det nye utstyret. Foto: Michael Knatterud / Statens vegvesen)

Stenginga gjeld desse nettene:

  • Veke 48: Søndag 22. november – laurdag 28. november, kl. 20.00-06.00
  • Veke 50: Søndag 6. desember – laurdag 12. desember, kl. 20.00-06.00


Det blir skilta omkøyring via lokalvegen mellom Øyer og Tretten. Trafikantane må rekne med om lag ti minutt lengre køyretid.

Førebur nytt kamerasystem

Årsaka til stenginga er planlagt elektrovedlikehald og førebuingar til utskifting av heile kamerasystemet i Øyertunnelen.

Det eksisterande systemet har passert forventa levetid. Ny teknologi krev ny kabling og nytt utstyr, og i veke 48 og 50 skal det mellom anna installerast nye kabler gjennom tunnelen. Sjølve monteringa av dei nye kameraa og ferdigstillinga av arbeidet skal skje på nyåret.

– Vi må stenge tunnelen medan vi gjer desse arbeida. Målet er å få gjennomført jobben på ein trygg og effektiv måte, samtidig som vi prøver å avgrense ulempene for trafikantane, seier prosjektleiar Lars Magnar Allergodt i Statens vegvesen.

Kamera og anna teknisk utstyr i tunnelar er ein del av arbeidet med å overvake trafikken og handtere hendingar. Kameraa er knytt til Vegtrafikksentralen, som overvakar tunnelen heile døgnet.

Planlegg for omkøyring

– Vi veit at E6 er ei viktig transportåre, også om natta. Vi ber derfor trafikantane sjekke trafikkmeldingar før dei køyrer og setje av litt ekstra tid dei nettene tunnelen er stengd, seier Lars Magnar Allergodt.

Oppdatert informasjon om stengingar og andre hendingar på vegnettet finn du på vegvesen.no/trafikk og i appen Vegvesen trafikk.