Årets konferanse samla 375 deltakarar frå byggherre-, rådgivar- og entreprenørmiljøet.

Tone Buø, Nye Veier AS og Ingunn Foss, Statens vegvesen
Tone Buø, Nye Veier AS og Ingunn Foss, Statens vegvesen Foto: Linda Grønstad/Statens vegvesen

– Det er utrolig moro at Brukonferansen vart «utseld», det er helt fullt hus her i Oslo desse to dagane. Det viser at det norske brumiljøet har behov for ein møteplass der vi kan dele erfaringar, diskutere utfordringane våre og sjå framover, seier Rune Pedersen, senioringeniør i Statens vegvesen.

Brukonferansen har etablert seg som den viktigaste og største faglege møteplassen for brufaget i Noreg. Programmet for årets konferanse spente frå nye bruprosjekt og regelverk til nye materiale, beredskap, vedlikehald og internasjonale erfaringar. Altså heile livsløpet til ein brukonstruksjon.

Bettina Sandvin, utbyggingsdirektør i Bane NOR opna konferansen med å utfordre: «Klarer vi å utnytte den samla kompetansen i bransjen?»  Det handlar om å byggje smartare, tenkje heile livsløpet og få til å samarbeide enda betre – og her har byggherrane eit spesielt ansvar ved å setje krava og sørgje for at avgjerder blir tatt på rett grunnlag og til rett tid. Å byggje smartare handlar om meir enn det tekniske. Avgjerder vi tar får konsekvensar for heile livsløpet til konstruksjonen. Brufaget er likt i Statens vegvesen og Bane NOR, det er godt å løfte blikket utanfor eigen butikk, sa ho.

Bettina Sandvin, utbyggingsdirektør i Bane NOR.
Bettina Sandvin, utbyggingsdirektør i Bane NOR. Foto: Linda Grønstad/Statens vegvesen

«Eldrebølgja» for norske bruer

Ingunn Foss, fungerande utbyggingsdirektør i Statens vegvesen, forklarte at Vegvesenet nå jobbar med å gå gjennom tilstanden til alle bruene i Noreg. Det er ei blanding av rehabilitering og utbytting av sentrale bruer for å få eit trygt vegnett, vi har over 6000 brukonstruksjonar i Noreg som til kvar tid skal vere trygge. Mange av dei vart bygde på 1960-talet, så det er fleire og fleire som har behov for vedlikehald nå, og vi har som mål å forlengje levetida til konstruksjonane. I tillegg har vi mange nye, spennande bruprosjekt i åra som kjem, poengterte ho.

Bjørn Laksforsmo, beredskapsdirektør i Statens vegvesen, heldt eit engasjerande innlegg om beredskap. Statens vegvesen har det heilskaplege ansvaret for beredskap på veg. Han understreka at føresetnaden for all militær mobilitet er ein veg med toleevne, altså sivile vegar som i tillegg skal kunne brukast militært. Når det gjeld bruer må vi ha evna til å hindre tilgangskontroll på bruer fordi sabotasjetrusselen er reell. -Vi har ei «eldrebølgje» av bruer som må oppjusterast til å tole dagens behov. Vi må vite kva bruer som er kritiske for mobiliteten i samfunnet, og desse må vi kunne oppretthalde uansett kva som skjer når samfunnet treng dei, sa han.

Bjørn Laksforsmo, divisjonsdirektør, Drift og vedlikehold, Statens vegvesen.
Bjørn Laksforsmo, divisjonsdirektør, Drift og vedlikehold, Statens vegvesen. Foto: Linda Grønstad/Statens vegvesen

Brubygging i Noreg engasjerer

Årets konferanse handla ikkje berre om kva bruer som skal byggjast, men også om korleis Noreg kan bli betre til å byggje dei. «Korleis byggjer vi eit system der myndigheiter, byggherre, konsulent og entreprenør spelar kvarandre gode?» var tittelen på paneldebatten mellom Kristin Nessa (Norconsult), Grzegorz Gucwa (Skanska), Sigmund Log og Tom Hedalen (begge Statens vegvesen). Tidleg dialog, riktig kompetanse og betre flyt i kontroll- og godkjenningsprosessane var blant hovedtemaa i paneldebatten. Deltakarane etterlyste tidlegare avklaringar om prinsipp og risiko, samtidig som dei understreka at prosessane i dei fleste tilfelle fungerer godt. Meir standardisering og bruk av kunstig intelligens kan frigjere tid til dei fagleg krevjande problemstillingane. Med konstruksjonar som skal stå i rundt 100 år, må brufaget dessutan tenkje langsiktig, både når nye bruer skal byggjast og når eksisterande konstruksjonar skal forvaltast og forsterkast.

Paneldebatt med Kristin Nessa (Norconsult),
Grzegorz Gucwa (Skanska), Sigmund Log og Tom Heidalen (begge
Statens vegvesen), moderator var Frida Gunnestad Johansen (Statens vegvesen).
Paneldebatt med Kristin Nessa (Norconsult), Grzegorz Gucwa (Skanska), Sigmund Log og Tom Heidalen (begge Statens vegvesen), moderator var Frida Gunnestad Johansen (Statens vegvesen). Foto: Linda Grønstad/Statens vegvesen

Store norske bruprosjekt

Mange pågåande og komande norske bruprosjekt vart presenterte, nokre av dei var:

  • Færderbrua, som inngår i FastlandsTønsbergpakken.
  • E6 Svenningelv-Lien.
  • Vollselvbruene på E6 Kvithammar-Åsen.
  • Samverkebruene på E10 Hålogalandsvegen, med erfaringar frå dei mange bruene i OPS-prosjektet.
  • Vadløkkjbrua på E6, der Nye Vegar sin bruk av «Drammensvogna» blir presentert.
  • Marinebroen i Bergen, omtalt som Noregs lengste gang- og sykkelbru i aluminium.
Morten Klokkersveen frå Vestfold fylkeskommune
Morten Klokkersveen frå Vestfold fylkeskommune heldt eit innlegg om Færderbrua (fastlandsforbindelse, Tønsberg). Foto: Linda Grønstad/Statens vegvesen
Kenneth Eggan (Hæhre) og Mats Jørgen
Thorsen (Norconsult)
Kenneth Eggan (Hæhre) og Mats Jørgen Thorsen (Norconsult) presenterte E6 Vollselva bru – Norges lengste flerspennsbru i prefabrikerte element. Foto: Linda Grønstad/Statens vegvesen

Frå rusttregt stål til glassfiber og aluminium

Fleire spennande, konkrete døme på bruk av nye materiale og metodar i brufaget vart presenterte. Mellom anna rusttregt stål i bru, digitalisering og parametriske modellar på Mandalselva bru, fiberoptiske tøyingsmålingar på Tangenvika jernbanebru, bruplater i glassfiberarmert polymerkompositt og erfaringar med aluminium på Grøttabrua.

foto av Ole Øystein Knutsen fra SINTEF som holdt foredrag om rusttregt stål.
Ole Øystein Knutsen fra SINTEF sette rusttregt stål under lupa: På Ya bru, Kvikne, Elverhøy bru og i Sunndalsøra er det gjort undersøkingar over tid for å sjå korleis stålet toler salt og korrosjon. Foto: Linda Grønstad/Statens vegvesen

Grzegorz Gucwa er Årets brubyggjar!

foto av vinneren av årets brubygger med diplom og gavesjekk
Gregorz Gucwa fra Skanska er Årets Brubygger 2026! Foto: Linda Grønstad/Statens vegvesen

Grzegorz Gucwa frå Skanska vart kåra til Årets brubyggjar 2026, juryen oppsummerte grunngivinga si med følgjande oppsummering: Han utviklar byggjemetodar, byggjer gode team og bringar entreprenørkompetansen inn i brufaget.

– Årets brubyggjar har gjort innsatsen sin der brufaget blir mest konkret: på byggjeplassen. Han har vist kor mykje entreprenøren betyr for å utvikle norsk brubygging, sa juryleiar Bjørn Tangvald frå Statens vegvesen.

Gucwa har utmerkt seg i bransjen i over 20 år, Karrieren i Skanska starta på E18 Bommestad–Langåker. Sidan har han vore med på fleire krevjande bruprosjekt, mellom anna Nordøyvegen. I dag leiar han bygginga av den 811 meter lange Ytre Steinsund bru.

Gulli bru på E16 ved Kongsvinger er et godt døme på bidraget hans. Som prosjektleiar for bruoverbygginga var han med på å ta i bruk framskyvingsmetoden (ved bruk av den såkalla «Drammensvogna») i ein skala som ikkje tidlegare var prøvd på ei norsk betongbru. Prosjektet vart kåra til årets anleggsprosjekt i Skanska både i Noreg og globalt.

Vinneren av årets brubygger sammen med juryen
Gregorz Gucwa fra Skanska er Årets Brubygger 2026! Juryen bestod av: Bjørn Tangvald (Statens vegvesen), Klara Då, Bane NOR, Bettina Gerti Groß (Nordisk fjellsikring AS) og Kjetil Rørvik (SWECO Norge AS). Foto: Linda Grønstad/Statens vegvesen

Tangvald nemnde at Gucwa bidrar til å løfte bransjen, mellom anna gjennom dagens paneldebatt om korleis norsk brubygging kan bli betre. Han er også kjend som ein tydeleg og inkluderande leiar, med stor evne til å byggje gode team og gjere kompliserte problemstillingar forståelege.

Gucwa sa sjølv frå scenen: det beste i verda er å byggje bruer!

Blikket retta utover

På dag to av konferansen vart ei rekke internasjonale bruprosjekt presentert, og deltakarane fekk høyre om erfaringar frå mellom anna Island, Rwanda og Portugal.

Bruprosjekta som vart presenterte spente frå New Ölfusárbrú, dimensjonert for mellom anna isflom, jordskjelv og rørsler i forkastingssoner, og Fossvogur Bridge i krevjande islandsk kystklima, til Rebero Trail Bridge i Rwanda og industrialisering av plasstøypte brudekke i Portugal.

– Noko av det viktigaste med Brukonferansen er å samle brumiljøet. Mange kjenner kvarandre frå prosjekt og samarbeid, men her får vi tid til å møtast, diskutere fag og byggje relasjonar på tvers av bransjen, avsluttar Rune Pedersen.

foto av komiteen for årets brukonferanse
Komiteen for årets brukonferanse: Henrik Roll Karlsen (Hæhre Entreprenør AS), Ivar Hellzen Melby (Statens vegvesen Vegdirektoratet), Aleksandra Pyzhova (Multiconsult AS), Henning Lotherington og Rune Pedersen (begge Statens vegvesen). Foto: Bjørn Tangvald/Statens vegvesen