Fire menneske omkom på norske vegar i oktober. Det er fem færre enn i fjor, og det lågaste talet som er registrert for oktober månad.

Så langt i år har 98 omkome i trafikken, mot 93 på same tid i fjor. Det viser dei førebelse ulukkestala til Statens vegvesen.

– Det er positivt at det er få drepne i oktober, etter ein sommar og haust med mange omkomne i trafikken, seier avdelingsdirektør Guro Ranes i Statens vegvesen.

Sykkel i mørke
Statens vegvesen oppmodar fotgjengarar og syklistar til å bruke refleks og lys, og alle som køyrer til å ha gode dekk tilpassa føret. Foto: Henriette Erken Busterud, Statens vegvesen

Eldre er den største gruppa omkomne i år

Sjølv om oktober gav låge tal, er utviklinga negativ for dei eldste trafikantane. Personar over 65 år er den største gruppa blant dei omkomne så langt i 2026.

Statens vegvesen og Folkehelseinstituttet har utarbeidd ein rapport som set lys på kva helse, funksjonsevne, sjukdomsbyrde og endra mobilitetsmønster blant eldre har å seie.

– Helse og funksjonsevne endrar seg med alderen. Samstundes tåler eldre menneske mindre i kollisjonar, og det er viktig å forstå korleis slike endringar kan påverke trafikktryggleiken. Difor er rapporten «Fremtidens eldre og trafikksikkerhet» viktig for å kunne målrette tiltaka i åra som kjem, seier Ranes.

Fleire møteulukker, færre utforkøyringar

Dei fire trafikkdrepne i oktober omkom i to møteulukker med bil, éin i ei utforkøyringsulukke med MC og éin i ei fotgjengarulukke. Ulukkene skjedde i Nordland, Trøndelag og Troms. I oktober i fjor omkom ni personar.

Det har vore fleire møteulukker i år enn i fjor, men færre utforkøyringsulukker. Ingen har omkome i tungbil så langt i år.

Akershus, Innlandet og Vestland er framleis fylka med flest omkomne i år (Akershus: 17 Innlandet: 12, Vestland: 11), men ingen omkom i desse fylka i oktober.

Tala i korte trekk:

  • Omkomne i oktober: 4 (9 i oktober 2025)
  • Omkomne hittil i år: 98 (93 på same tid i fjor)
  • Omkomne over 65 år hittil i år: 30 (24 i fjor)
  • Omkomne i møteulukker hittil i år: 39 (32 i fjor)
  • Omkomne i utforkøyringsulukker hittil i år: 27 (34 i fjor. 

Mørke og vinter på veg – bruk refleks og køyr etter forholda

Klokka er stilt tilbake, det blir stadig mørkare, og vinteren er på veg fleire stader i landet. Lauv og glatte vegar gjer føret meir krevjande.

Statens vegvesen oppmodar fotgjengarar og syklistar til å bruke refleks og lys, og alle som køyrer til å ha gode dekk tilpassa føret.

– No går vi inn i ei årstid med mørke, kulde og glatte vegar. Då er det viktig å tilpasse farten etter forholda og bruke refleks når ein er ute og går, seier Ranes.

Du finn oversikt over talet på drepne og hardt skadde her: Utvikling i talet på hardt skadde | Statens vegvesen. Registreringa av hardt skadde har ei forseinking på eit par månader. Tala for hardt skadde gjelder derfor førebels til og med august 2026.