Ny samarbeidsmodell på ny kontrakt i Kvinnherad
No nærmar det seg tid for utlysing av ei ny kontrakt i Kvinnheradpakken.
Statens vegvesen ønskjer å bruke ny samarbeidsmodell med aktuelle entreprenørar for det aktuelle prosjektet.
Arbeidet er på fylkesveg 551 mellom Austrepollen og Årsnes. Her skal det byggjast tunnel frå Kroka til Sunndal, i tillegg til utbetring av ein del punkt på vegstrekninga.
Meir dialog og samspel
-Denne gong skal vi bruke ein ny form for på både anbod og kontrakt som vil seie meir dialog og samspel mellom byggherre og entreprenør. På denne måten meiner eg at entreprenør vil få større moglegheit til å påverke løysingar av oppdraget og dermed levere mykje betre på sjølve gjennomføringa, seier prosjektleiar Kathrine Løno Lahlum.
Finne løysingar saman
Ho seier vidare at valet at entreprenør skal gjerast på basis av pris, prosjektorganisering og prosjektgjennomføring.
-Konkurransen blir gjennomført som konkurranseprega dialog, der målet er at oppdragsgjevar og leverandør skal finna løysingar som best løyser oppdragsgjevar behov, seier Lahlum.
Statens vegvesen arbeider for tida med å få fram forslag for reguleringsplan for ein tunnel mellom Kroka og Sunndal, som er på kring 1500 meter. Veg i dagen på begge sider av tunnelen omfattar ei strekning på ca. 400 meter.
Tidleg involvering
-Ynskje er å involvere entreprenør på eit tidlegare tidspunkt for å nytte partanes samla kompetanse til ei finne gode løysingar og eit betre sluttprodukt. Eit moglegheitsområdet er korleis ein kan dra nytte av tunnelmassane til å utbetre enkelte andre parti på vegen mellom Austrepollen og Årsnes, seier Lahlum.
Denne typen kontrakt er ikkje gjennomført i Region vest tidlegare , men i aust og nord er det gjort gode erfaringar med denne samarbeidsmodellen.
-Statens vegvesen og Hordaland fylkeskommune håper ei slik kontrakt er av interesse for marknaden. Her får entreprenør ta del i omtrent heile prosessen. Vi ser fram til godt samarbeid med det selskapet som vinn fram, seier Lahlum.
No inviterer Statens vegvesen entreprenørar til dialogmøte på Stord den 21. oktober kl. 15 for å informere om ny samarbeidsmodell (Stord trafikkstasjon, Vabakkjen 7.)
For meir informasjon kontakt:
Kathrine Løno Lahlum
Kathrine.lono.lahlum@vegvesen.no
mob. 95 05 52 52