Artikkelen er fra 2020, og innholdet kan være utdatert.

Mange E39-prosjekt i Møre og Romsdal går ei spennande tid i møte.

På oppdrag frå Samferdselsdepartementet leverte Statens vegvesen 15. oktober sitt innspel til kva vegprosjekt som bør bli prioritert i Nasjonal transportplan (NTP) 2022-2033.

Med på lista var fleire E39-prosjekt i Møre og Romsdal – og det er ikkje utan grunn: Ein utbetra og ferjefri E39 gjennom fylket vil knytte saman store næringslivsregionar og bu-, arbeids- og servicemarknadar, og gje eit betre grunnlag for å utvikle heile fylket som ein viktig eksportregion. Målt etter fastlandseksport, er Møre og Romdal det neste største fylket i landet.

- Akkurat no har vi prosjekt i alle fasar: nokre er under bygging, andre under planlegging. Alle er viktige for å utvikle regionen vidare, og vi veit kva dette betyr for folk og næringslivet. Vi skal gjere vårt for å halde trykket oppe, og sikre eit godt grunnlag for vidare diskusjonar kring prioriteringar i NTP, seier Ove Nesje, prosjektdirektør i Statens vegvesen Utbygging.

Fjordkryssingane – første forprosjekt snart ut på anbod

Sentralt i arbeidet med ny E39 i Møre og Romsdal er kryssinga av Sulafjorden (Hafast) og Halsafjorden, som Statens vegvesen tilrår å fortsette planlegging av. Saman med sterke eksterne fagmiljø har det til no vore gjort eit omfattande arbeid med kartlegging og utvikling av ny teknologi i dei to prosjekta. Føremålet er å utvikle trygge løysingar til lågast mogleg kostnad. No skal forprosjektet for utgreiing av ulike brukonsept lysast ut på anbod. Resultatet av utgreiingane vil gje grunnlag for avgjerd om kva brukonsept som bør nyttast i fjordkryssingane.

- Per no er det ikkje noko no som tydar på at vi ikkje skal kunne krysse den vêrharde Sulafjorden på ein trygg måte. Vi vil foreta val av brukonsept i løpet av 2023. Samstundes er det viktig at vi fortsett arbeidet med å få ned kostnadane både på Sulafjorden og Halsafjorden, seier Nesje.

Halverer reisetida Ålesund-Molde – kan starte bygging i 2023

Statens vegvesen ønsker også oppstart på E39 Ålesund – Molde. Det er eit viktig prosjekt som bind saman store bu – og arbeidsmarknadar i Møre og Romsdal. Prosjektet omfattar både kryssing av Romsdalsfjorden og betre vegar på land, som samla sett vil gje ein tryggare veg og halvert reisetid – ned til ein time - mellom Ålesund og Molde. Gjennom eit omfattande utgreiingsarbeid har Statens vegvesen redusert kostnaden med om lag 40 prosent. Estimert kostnad er no 24,3 milliardar kroner (2021-kr).

- Vi kan vere klare til å sette spaden i jorda allereie i 2023. Med denne framdriftsplanen kan heile E39 Ålesund-Molde stå ferdig i løpet av 2029 – forutsett prioritering i NTP og vidare planlegging i samarbeid med kommunane, seier Nesje.

Illustrasjonen viser ei potensiell kryssing av Sulafjorden med hengebru. Illustrasjon: Statens vegvesen/Rambøll/Sweco Foto: Rambøll og Sweco
Aktuelt for fylke(r): Møre og Romsdal