Nord-Aurdal i Valdres er best i landet på trafikktryggleik
- Eg har gledd meg veldig til å si at de faktisk er best i landet, sa statssekretær Tommy Skjervold i Samferdselsdepartementet da han måndag kåra Nord-Aurdal til Årets trafikktryggleikskommune 2019 og delte ut prisen på ein million kroner
- I dag er Nord-Aurdal i fokus både på regjeringsnivå og på nasjonalt nivå når det gjeld trafikktryggleik. Og det er fordi de har gjort ein god jobb. De har gjort ein fantastisk jobb i høve til det haldningsskapende arbeidet i tillegg til det tverretatlege og tverrfaglege samarbeidet for å sette trafikktryggleik på dagsordenen. De set trafikktryggleik i høgsetet når de lagar planer og tenker på korleis de kan gjøre kommunen til ein betre stad å vere for innbyggjarane, sa statssekretær Tommy Skjervold da han kom på overraskande besøk til rådhuset på Fagernes i går.
Statstekretæren kunne fortelje at det er åttande gongen Samferdselsdepartementet har ei kåring der dei deler ut ein trafikktryggleikspris til ein kommune som har gjort ein innsats som er nasjonen verdig å bli gjort merksam på.
- Og det er ein pris som eg har kome hit for å dele ut til dykk i Nord-Aurdal i dag. Det er ein sjekk på ein million kroner, og eit synleg bevis på at Nord-Aurdal kommune er Årets trafikktryggleikskommune, sa han medan han overrekte sjekk og diplom til ordførar Inger Torun Kolsbøle, til stor applaus frå kommunetilsette og spesielt inviterte gjester.
- De har gjort ein fantastisk innsats i trafikktryggleiksarbeidet. Eg har gledd meg veldig til å si at de faktisk er, i år, best i landet! Så gratulerer så mykje alle saman, avslutta statssekretæren.
Honnør til innbyggjarane
Det var ein rørd og stolt ordførar som tok imot prisen. Ho viste til at E16 som går gjennom heile kommunen, har ein gjennomsnittstrafikk på 11 000 kjøretøy i døgnet: – Denne prisen går fyrst og framst til det haldningsskapande arbeidet, det å vise barn og unge og dei eldre som skal ut i den enorme trafikken vi har gjennom regionsenteret vårt og gjennom Nord-Aurdal og Valdres, at vi tek trafikktryggleiksarbeidet på alvor.
Kolsbøle sa at det er mykje å jobbe med framleis, og at prisen kjem til gå til fysiske tiltak, haldningsskapande arbeid, og at det skal drype på dei tiltaka som er i kommunen sin trafikksikkerhetsplan.
- Så tusen hjarteleg takk! Og gratulerer alle innbyggjarar, for det er de som har vori med på å kome med dei gode tiltaka slik at dette har blitt ein pris. Hugs på det!
- De reddar liv
Samferdselsdepartementet inviterer kvart år fylkeskommunane til å nominere kommunar som har utmerkt seg når det gjeld lokalt trafikktryggleiksarbeid og som kan vise til gode trafikktryggleiksplanar. Statens vegvesen administrerer søknadsprosessen.
Etter tilråding frå Oppland fylkes trafikktryggleiksutval (FTU), foreslo Oppland fylkeskommune i år Nord-Aurdal kommune som kandidat til Årets trafikktyggleikskommune.
- Det er ikkje tilfeldig at de blei nominert i år, det er faktisk tredje året at vi har nominert Nord-Aurdal, sa leiar i FTU, Gunnar Tore Stenseng i sin gratulasjonstaletale. - Og eg er veldig glad for at det vart nå, for nå var det siste sjanse - i Oppland, sa han, og viste til samanslåinga av Oppland og Hedmark frå nyttår.
Fylkesordførar Even Aleksander Hagen peika på si side på at Oppland fylke var det første fylket i landet som vart Trafikksikker fylkeskommune, og at prisen inspirerer. - Den utmerkinga de har fått her i kommunen i dag, inspirerer oss til og å ta det med oss inn i nye Innlandet slik at Innlandet og må bli Trafikksikker fylkeskommune, sa han i si tale.
- De kan være stolte av prisen, men det de skal være mest stolte av, er at de reddar liv, sa Cato Løkken, avdelingsdirektør for vegavdeling Oppland i Statens vegvesen, og peika på at trafikkstryggleiksarbeid handlar om kunnskap, infrastruktur og haldningar.
I tillegg til å gi ros til kommunen for at dei er initiativrike og pågåande overfor myndigheitene, trakk han fram det gode arbeidet som blir gjort i Oppland der bland anna 22 av 26 kommunar er godkjend som såkalte Trafikksikker kommune.
– Det skuldas eit godt arbeid av politikerane på fylket og lokalt, og det skuldas eit godt arbeid frå sånne som oss, som driver og jobbar med dette dagleg og forsøker å få alle til å forstå at trafikktryggleik er viktig, og av Politiet, ikkje minst. For det er viktig at det er lokalt det skjer. Det er veldig lite det som skjer på landsbasis. Det er lokalt det skjer, og da må vi jobbe lokalt!
Les meir
- Om prisen "Årets trafikktryggleikskommune" på Samferdselsdepartementet sine nettsider
- Departementet si pressemelding om Nord-Aurdal som «Årets trafikktryggleikskommune 2019»
