Jobbar med å finne årsaka til at to kvadratmeter sprøytebetong datt ned i Fløyfjellstunnelen
Statens vegvesen jobbar nå med å finne årsaka til at cirka to kvadratmeter sprøytebetong losna og fall ned i vegbana torsdag føremiddag.
Betongen fall ned omtrent 380 meter inn i tunnelen, i nordgåande løp.
-Dette skal ikkje skje. Vi er veldig glade for at ingen blei treft, seier Prosjektleiar i Statens vegvesen, Helge Gilberg.
Han fortel at før vegen kunne opne att, måtte entreprenøren sikre tunnelen slik at ikkje meir betong skulle losne.
Driftsentreprenøren har fleire netter jobba i Fløyfjellstunnelen med påføring av sprøytebetong.
-Vi veit ennå ikkje årsaka til at sprøytebetongen datt ned, så nå jobbar vi med å analysere betongen, for å sjå kva som kan vere gale.
Fløyfjellstunnelen opna for fri ferdsel klokka 11:35.
Kontaktperson:
Helge Gilberg
Prosjektleiar tunnel og elektro
Epost:helge.gilberg@vegvesen.no
Tlf.:468 12 804