Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

I sommar blir 24,5 kilometer sykkelfelt på fylkes- og riksvegar på Nord-Jæren måla raude.

 - Til saman er det snakk om nesten 64.000 kvadratmeter. Sykkelfelta blir måla raude fordi fargen er lett å sjå for syklande og bilistar, dei ser tydeleg kva som er sykkelfelt, seier prosjektleiar Bjørn Ingvald Andersen i Statens vegvesen.

Entreprenøren Visafo gjer jobben for Statens vegvesen. Arbeidet er avhengig av godt vêr. Alt skal vere ferdig til 1. september.

- Trafikken blir dirigert under måliga. På ein del stader blir arbeidet gjort om natta. Vi ber trafikantane vise omsyn til arbeidsfolka, høyre på trafikkdirigentane og køyre forsiktig, oppmodar Bjørn Andersen.


Følgjande plassar blir sykkelfelta måla i raudt:

Fylkesveg 44 Lagårdsveien
Fylkesveg 44 Hillevågsveien
Fylkesveg 44 Hinna
Fylkesveg 44 Gausel
Fylkesveg 44 Kvadrat
Fylkesveg 44 Strandgata
Fylkesveg 44 Elvegata
Fylkesveg 314 Gamle Forusvei
Fylkesveg 323 Austråttveien
Fylkesveg 332 Skippergata
Fylkesveg 332 Hanaveien
Fylkesveg 325 Jærveien
Fylkesveg 334 Austråttbakken
Fylkesveg 393 Breidablikkveien
Fylkesveg 393 Åsen
Fylkesveg 394 Haugåsveien
Fylkesveg 411 Løkkeveien
Fylkesveg 411 Borgermester Middelthons gate
Fylkesveg 427 Strømsbrua
Fylkesveg 446 Randabergveien
Fylkesveg 446 Tanke Svilandsgate
Riksveg 509 Madlaveien
E39 Tjensvoll


Kontaktperson:

Bjørn Ingvald Andersen
Mobil: 911 79 611

Aktuelt for fylke(r): Vestland, Rogaland