Nærmar seg overtaking av fylkesvegane
Frå 1. januar 2020 tek fylkeskommunane over totalansvaret for fylkesvegane. Vestland fylkeskommune skal då stå for mellom anna både bygging og drift av 5600 kilometer fylkesveg.
Som følgje av regionreforma tek Vestland fylkeskommune over heile ansvaret for fylkesvegane ved årsskiftet.
– Målet er at folk flest ikkje skal merke denne overføringa av oppgåver. Det viktigaste er at om du vil finne informasjon om eller melde ifrå om feil på ein fylkesveg, så er det oss i fylkeskommunen du skal kontakte. Trafikkmeldingar vil ein fortsett finne gjennom vegtrafikksentralen, seier Dina Lefdal, fylkesdirektør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.
Historisk samarbeid
Vestland fylkeskommune skal etter nyttår ha det daglege ansvaret med planlegging, bygging, drift og vedlikehald av fylkesvegane. Til no har Statens vegvesen gjort dette på oppdrag frå fylkeskommunen som vegeigar. Fylkeskommunane og Statens vegvesen sidan 2010 samarbeida om fylkesvegane i Noreg gjennom ein avtale kalla «Sams vegadministrasjon».
– Statens vegvesen skal enno yte tenester til fylkeskommunen i arbeidet med beredskap og overvaking av vegane gjennom vegtrafikksentralane. Det vil også vere noko samarbeid om driftskontraktar for brøyting og strøing av veg, seier Grethe Vikane, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.
Statens vegvesen skal forsett ha ansvar for riks- og europavegnettet, men den regionale inndelinga av Vegvesenet opphøyrer, og blir organisert i divisjonar.
På god veg
Vestland fylkeskommune har siste året arbeidd med å bygge opp eit solid fagmiljø som skal arbeide med fylkesvegane, med ein hektisk periode fram mot årsskiftet for å sikre at alt kjem på plass til 1. januar. Både Vestland fylkeskommune og Statens vegvesen har som mål å sikre at overføringa av fylkesvegoppgåvene og tilsette skjer slik at det ikkje blir merkbart for trafikantane.
– Vi tek over oppgåvene med stor respekt for arbeidet som er gjort, og vi vil halde fram å utvikle og drifte fylkesvegane på best mogleg måte, seier Lefdal.
Statens vegvesen vil gjennom vegtrafikksentralane framleis ha ansvaret for å overvake vegnettet vårt. Det vil også vere noko samarbeid mellom Vegvesenet og Vestland om drift, vedlikehald og beredskap.
Fakta om fylkesvegnettet
- Fylkesvegane knyter ulike delar av fylket saman og skal fungere som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre for trafikantar og næringsliv.
- Det er ca. 5600 km med fylkesveg i Vestland
- I 2018 brukte Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommune til saman 1,44 milliardar kroner på investeringar knytt til fylkesvegnettet.
- Fylkeskommunane forvalta i 2018 omkring 1,75 milliardar kroner til drift, vedlikehald og ferjedrift på fylkesvegnettet.
For meir informasjon, kontakt:
Grethe Vikane, avdelingsdirektør vegavdeling Hordaland, Statens vegvesen, telefon: 97676968
Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør vegavdeling Sogn og Fjordane, Statens vegvesen, telefon: 95148614
Dina Lefdal, påtroppande fylkesdirektør Infrastruktur og veg, Vestland fylkeskommune, telefon: 957 00 813
