Tilsette i vegvesenet køyrer mindre bil etter flyttinga til sentrum
Dette kjem fram i ein spørjeundersøking som er gjort blant tilsette før og etter flyttinga til nye kontorlokale i Bergen 2015 og Stavanger i 2016.
Før flyttinga hadde tilsette tilbod om gratis parkering, medan dei nye kontorlokala i sentrum ikkje har gratis parkering. I tillegg har dei nye lokala betre tilbod på kollektiv- og sykkelsida.
-Flyttinga har ført til ein klar endring i reisevanane til dei tilsette i Statens vegvesen, seier Sigmund Riis i Statens vegvesen, og som har hatt ansvar for reisevaneundersøkinga.
Frå bilbruk…
Han seier vidare at før flyttinga var det bilen som i hovudsak blei brukt til- og frå arbeid.
-Resultat i undersøkinga viser at reisemønsteret vårt er snudd heilt på hovudet. Før flyttinga til Bergen sentrum brukte over 70 prosent av dei tilsette bil til arbeid. No er det berre 19 prosent som brukar bilen.
Tilsvarande tal for Stavanger er 58 prosent som brukte bil før flytting, medan talet no er berre 14 prosent, seier Riis.
...til kollektiv
Han seier vidare at det i hovudsak er kollektiv som dei tilsette har gått over til.
- I Bergen var det berre 11 prosent som brukte kollektiv før flytting. No er det heile 54 prosent som tar kollektiv til kontoret. I Stavanger er tilsvarande tal for kollektiv 15 prosent før flyttinga, og 46 prosent etter, seier Riis.
Auka sykkelbruk
-Sykkelbruken har og auka monaleg blant tilsette begge stadar. I Stavanger er sykkelbruken no dobbel så høg som bilbruken til og frå arbeid. Ved begge kontora er det no fine sykkelgarasjar og gode garderobeforhold som stimulerer til meir sykling, seier han.
-Sykkelbruken varierer som regel mykje avhengig av ver, årstid og føreforhold. Førundersøkingane blei gjort i april 2014, medan etterundersøkingane blei gjort seint på hausten. Sykkeltalet kan difor vere noko høgare sett over heile året, påpeiker Riis.
Foto: Sigmund Riis i Statens vegesen, er ansvarleg for reisevaneundersøkinga som er gjort blant tilsette.
Kontaktperson:
Sigmund Riis, ansvarlig for reisevaneundersøkinga i Statens vegvesen, Region vest.
Epost:
Tlf: 908 79 960