Så langt i år er ingen drepne i trafikken i Rogaland
Dette viser foreløpige og uoffisielle tal frå Statens vegvesen.
-Dette er gledeleg å sjå, og ekstra motiverande er det at Haugalandet faktisk ikkje hadde nokon drepne gjennom heile fjoråret og fram til i dag. Vi har ikkje vore i liknande situasjon så lenge vi har drive med ulukkesanalysar frå 2005 i Statens vegvesen, seier Anne Margrethe Bøe, som sit i den nasjonale gruppa for ulukkesanalysar.
Inspirerande
-Bilete i trafikken er samansett, og det er mange tilfeldigheiter som rår både når det gjeld kven som blir involvert og kva konsekvensane av ei ulukke kan bli. Når dei faktiske forholda i dag viser at vi kan sjå eit null-tal er det grunn til å vere optimistiske. Det er veldig inspirerande for alle som arbeidar med trafikktryggleik å sjå slike tal, seier Bøe.
Kvar dag driv Statens vegvesen saman med fleire aktørar systematisk og målretta arbeid som samla bidreg til å påverka tryggleiken i vegsystemet.
-Dette viser seg å nytte, og vi veit at norske trafikantar og norske vegar er dei beste i Europa. For fjerde året på rad er Norge landet med lågast risiko for å omkomne i trafikken – både målt mot tal på innbyggjarar og tal på køyrde kilometer, seier ho.
Høgsesong for ulukker
Sommarmånadene juni, juli og august er høgsesong for ulukker. Kombinasjonen av høg fart og mykje trafikk på vegane gir større risiko for alvorlege ulukker om sommaren.
-Vi gler oss over utviklinga, men erfaring frå tidlegare år viser at sommartrafikken på vestlandet brått kan krevje fleire menneskeliv. Vi treng ansvarsbevisste og trygge trafikantar som er innstilt på godt samspel i trafikken dersom vi skal kome gjennom sommaren på ein god måte, seier Bøe, og legger til at det er ingen skam å sleppe forbi.
Våre sommarråd:
- Planlegg reisa godt og set av god tid.
- Køyr etter forholda og ikkje over fartsgrensa. Litt fortare er mykje farlegare.
- Vær merksemd på vegen når du køyrer.
- Del vegen – ta omsyn til alle som bruker vegen.
- Pakk bilen riktig - tunge ting nedst i bilen og ingen lause gjenstander.
Kontaktperson:
Namn: Seniorrådgjevar på trafikksikkerheit, Anne Margrethe Bøe.
Epost: Tlf: 482 75 484