1 300 samla til folkefest
Tenk deg at du møter 1 300 menneske nesten fem kilometer inne i eit massivt fjell, ville du trudd det var mogeleg? Kva med ei gudsteneste med åtte prestar?
Gjengen som har laga Mælefjelltunnelen har gjort det mogeleg. For fem år sidan var det 1 413 meter høge fjellet framleis heilt tette. Så kom NCC med 2 000 tonn sprengstoff og sprengde seg gjennom heile fjellet. Hovden hytteservice forvandla det harde fjellet til veg. Plutseleg ein dag blei telemarkingane inviterte på fest. Og kva fest det blei!
Heile Hjartdal
I Hjartdal kommune bur dei 1 579 innbyggjarane. I Mælefjelltunnelen mellom Hjartdal og Seljord var det meir enn 1 600 på gjesting i helga. 1 300 av dei på fest på laurdagen, meir enn 300 på gudsteneste søndagen.
Dei gjestingane kom frå nær og fjern, frå Notodden, Skien, Porsgrunn og mange andre stader i tillegg til vertskommunane. Det er ikkje kvar dag ein kan sjå ein to-milliarders-tunnel på nært hald og i tillegg bli underhalde av den eine etter den andre på scena.
Snora klippas snart
No har festen lagt seg, alt er rydja bort. Om ein knapp månad blir pakka julegåva opp for ordentleg. 19. desember klokka 11 klipper samferdselsministeren over snora til den desidertlang lengste tunnelen i Noreg - om vi held Vestlandet og dei nordlegaste fylka unna.
La bileta fortelje resten av historia.
-
Bilde 1 av 23: Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 2 av 23: Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 3 av 23: Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 4 av 23: Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 5 av 23: Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 6 av 23: Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 7 av 23: Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 8 av 23: Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 9 av 23: Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 10 av 23: Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 11 av 23: Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 12 av 23: Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 13 av 23: Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 14 av 23: Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 15 av 23: Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 16 av 23: Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 17 av 23: Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 18 av 23: Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 19 av 23: Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 20 av 23: Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 21 av 23: Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 22 av 23: Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 23 av 23: