Artikkelen er fra 2020, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen har no overtatt den siste av dei nye ferjekaiane på ferjesambandet Vangsnes – Hella – Dragsvik.

Mesta har vore hovudentreprenør på anleggsarbeidet som starta for snart to år sidan.

– Kontrakten med Mesta har ein verdi på 148,6 millionar pluss moms, seier byggeleiar Kristian Slinde i Statens vegvesen.

Riksveg 13

I halvanna år har han hatt kontorstad i anleggsbrakkene på Vangsnes på sørsida av Sognefjorden.

Derfrå har han vore kontrollingeniør og byggeleiar på prosjektet som omhandlar både Dragsvik, Hella og Vangsnes ferjekai på riksveg 13.

På dei tre kaiområda er det bygt nye servicebygg - i kombinasjon med venterom og toalettanlegg. Det er lagt til rette for straum til elektriske ferjer. Friteksttavler er også sett opp.

Frå Dragsvik er det lagt ein sjøkabel som gir ferskvatn til Hella.

På Dragsvik ferjekai har det vore arbeid med oppussing av landområde og ny ferjekai med ny ferjebru, hydraulikkanlegg og aggregatbygg.

Mykje peling

På Vangsnes ferjekai har det blitt bygt ny komplett ferjekai med ferjebru, hydraulikkanlegg, aggregatbygg og tilleggskai. Reservekaien på Vangsnes er også ny.

Størsteparten av arbeidet i prosjektet har foregått på Vangsnes, med mykje betong-, stål- og pelearbeid.

Konstruksjonane her er bygt på bora pelar av stålrøyr. Pelane vert bora i berg og deretter utstøypt. På Vangsnes er det bora om lag 65 pelar, med cirka 1000 meter utstøypt pel totalt.

Det er Norled som opererer ferjesambandet Vangsnes – Hella – Dragsvik på vegner av Statens vegvesen.

– Vi har lagt fram straum til Norled, slik at dei kan få lada dei nye elektriske ferjene som etterkvart skal inn i sambandet, seier Slinde.

Det er Norled sjølv som bygger det elektriske ladesystemet både på Vangsnes, Hella og Dragsvik.

– Det vil pågå ein del restarbeid rett over nyttår, og siste finpuss til våren, avsluttar Slinde.

Det er bygt nye servicebygg med venterom og toalett på alle dei tre kaiane. Her frå Vangsnes.
Det er bygt nye servicebygg med venterom og toalett på alle dei tre kaiane. Her frå Vangsnes. Foto: Lars Olve Hesjedal
Aktuelt for fylke(r): Vestland