Statens vegvesen og Ålesund kommune startar opp reguleringsplanarbeid for strekninga mellom Breivika og Nakken.

I samsvar med § 12-8 i plan- og bygningsloven kunngjer Statens vegvesen og Ålesund kommune oppstart av reguleringsplanarbeid for strekninga mellom Breivika og Nakken. Planarbeidet vil også omfatte endring av eksisterande reguleringsplan for E136 Breivika–Lerstad i samsvar med plan- og bygningslova § 12-14.

Formålet med planarbeidet er omregulering frå betongtunnel til bergtunnel, samt å skaffe eit formelt grunnlag for å kunne bygge E136 mellom Breivika og Lerstad. Planen vil bli utarbeidd som ei detaljregulering etter § 12-3 i plan- og bygningsloven.

Sjå meir detaljert informason i brev om oppstart av planarbeid.

Kart som viser ny trasse
Blå linje viser den foreslåtte traseen. Rød stiplet linje viser vedteke trase.

Ope informasjonsmøte om planarbeidet:

Tid: Onsdag 2. mars kl. 18–20
Stad: Pinsekirka kurs- og konferansesenter, Vindgårdsvegen 1

Det vil også bli mogleg å følgje informasjonsmøtet digitalt.

Vi ber om å få sendt eventuelle innspel til varsel om oppstart skriftleg innan 23. mars 2022 til Statens vegvesen Utbygging, Postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer, eller pr. e-post til firmapost@vegvesen.no

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til:
Planleggingsleiar Rolf Arne Hamre, tlf. 909 22 459, e-post rolf.hamre@vegvesen.no

Aktuelt for fylke(r): Møre og Romsdal