Statens vegvesen skal undersøke grunnforholda på Veblungsnes nærmare dei komande vekene.

Grunnboringa vil skje i kvikkleireområdet Grytten, som er i den raude sona midt i kartet frå NVE (sjå bilete nedst på sida).

Vegvesenet gjennomførte to rundar med grunnboring i dette området i 2018, men ei ny geoteknisk vurdering viser at det er behov for meir detaljert kunnskap om leira før ein kan bygge ny veg på Veblungsnes.

- Vegbygging i kvikkeleireområde fører med seg strenge krav til dokumentasjon. På grunn av dette må vi hente inn nye prøvar til laboratorietesting slik at vi får meir nøyaktig informasjon om styrken på leira og korleis den vil oppføre seg under belastning, seier Rolf Arne Hamre, prosjektleiar i Statens vegvesen.

Startar opp 15. april

Grunnboringa vil gå føre seg langs E136 og både i og utanfor planområdet. Råka grunneigarar har fått tilsendt informasjonsbrev om dette. Last ned borplanen nedst på denne sida, sjå under "Last ned".

Det vil i hovudsak bli brukt beltegåande traktor (borerigg) og i nokre tilfelle vil det også vere gravemaskin ute i terrenget.

- Det skal borast på dyrka mark, i tilknyting til gang- og sykkelvegane langs E136 og på lokalt vegnett i Tuen. Dette skal gjerast på ein slik måte at lokaltrafikken i størst mogleg grad kjem seg uhindra fram, seier Hamre.

Arbeidet vil etter planen starte opp onsdag 15. april og er venta å ta fire veker.

- Vi følgjer med på situasjonen rundt koronaviruset, og det kan bli endringar i framdrifta om situasjonen skulle tilseie det. Arbeidet vil bli gjennomført etter hygieneråda som er gitt av helsemyndigheitene, seier Hamre.

Kvikkleirekart NVE Veblungsnes
Grunnboringa vil gå føre seg i og rundt Grytten-området i den raude sona midt i kartet. Illustrasjon: NVE Foto: NVE
Aktuelt for fylke(r): Møre og Romsdal