Artikkelen er fra 2020, og innholdet kan være utdatert.

For å unngå bygging av miljøtunnel i kvikkleireområde og samtidig redusere kostnadane, tilrår Statens vegvesen at den nye vegen blir bygd i dagen.

Statens vegvesen har no sendt over ei vurdering av aktuelle alternativ for veg gjennom Veblungsnes til Rauma kommune. Alternativa som er vurderte er ny veg med miljøtunnel, ny veg i dagen gjennom sandtaket, utbetring av eksisterande veg og fjelltunnelalternativ.

I ein tidlegare godkjent kommunedelplan frå 2006 er det lagt inn ein miljøtunnel på strekninga, men kvikkleireområdet på Veblungsnes er svært utfordrande og vil krevje omfattande stabiliseringstiltak.

Overslaga viser at å bygge ein miljøtunnel vil koste om lag 400 mill. kroner. Det er det dobbelte av prosjektets kostnadsramme, som er på 210 millionar (i 2020-kr). Av dette utgjer 50 mill. kr. statleg finansiering og 160 mill. kr. bompengar.

Lågare kostnadar med veg i dagen 

- Alternativa med miljøtunnel krev omfattande tiltak i kvikkleirsona, og dette vil vi helst unngå. I samarbeid med Rauma kommune har vi derfor gjort ei ny vurdering og sett på om det finst andre løysingar med lågare kostnadar og mindre usikkerheit med tanke på bygging i kvikkleireområdet, seier prosjektleiar Rolf Arne Hamre i Statens vegvesen.

Gjennom dette siste arbeidet er det utarbeidd eit alternativ med veg i dagen med undergang for lokalveg til Veblungsnes ved Setnesgrova. Med denne løysinga vil undergangen bli liggjande i eit område med stabile grusmassar, og kryssplasseringa ved Setnesvegen er god. Både alternativet med miljøtunnel og veg i dagen vil føre til at det berre blir eitt kryss på strekninga, men med veg i dagen kan kvikkleireområdet stabiliserast langt enklare med redusert bruk av kalksementpelar og motfyllingar.

Begge alternativa vil også føre til at bustadeigedomar må innløysast. Kor mange dette blir vil først bli endeleg avklart i den vidare planlegginga og i dialog med huseigarane.

Saka skal no opp til politisk handsaming i Rauma kommune, og det er venta at dette kan skje før ferien.

Brevet og dokumenta som er sendt til Rauma kommune er tilgjengeleg for nedlasting på denne sida, sjå under «Last ned».

Skissa viser ny E136 Veblungsnes som veg i dagen. I forslaget er det ein undergang for lokaltrafikk ved Setnesgrova.
Skissa viser ny E136 gjennom Veblungsnes som veg i dagen (alternativ 4). I dette forslaget er det ein undergang for lokaltrafikk og gang- og sykkeltrafikk ved Setnesgrova. Foto: Statens vegvesen
Aktuelt for fylke(r): Møre og Romsdal