Førebels forslag til bompengefinansiering av strekninga blei i dag presentert for politikarane i Vaksdal- og Bergen kommune.

Køyrer du med elbil frå Arna til Stanghelle på ny veg vil du passere tre bompengestasjonar (figur 1)
Køyrer du med elbil frå Arna til Stanghelle på ny veg vil du passere tre bompengestasjonar (figur 1) (Illustrasjon: Statens vegvesen)

– Fagleg grunnlag for bompengesaka blir sendt frå Vegvesenet til endeleg lokalpolitisk behandling i april. Deretter skal saka etter planen behandlast i Fylkestinget i Vestland i juni, fortel Katrine Sælensminde Erstad, prosjektsjef for Fellesprosjektet Arna-Stanghelle.

Prisvekst kan føre til auka bompengesatsar

Eit nytt detaljert kostnadsanslag for prosjektet viser at vegen blir om lag 1.0 mrd. dyrare, mens prisen på jernbanen går ned med om lag 200 millionar. Auken kjem på grunn av at den faktiske prisveksten i anleggssektoren har vore høgare enn det som vart føresett i Nasjonal Transportplan.

– Dette kan påverke bompengetakstane. Når kostnadene for veg går opp, må Statens vegvesen foreslå dekning for meirkostnadene, fortel Sælensminde Erstad.

Prosjektet kan tidlegast få ein investeringsavgjerd frå Stortinget i juni 2023. Først da får Vegvesenet svaret på korleis prosjektet skal finansierast. Per i dag må ein ta høgde for at bilistane må ta kostnadsauken.

Prisvekst er årsaka til at prisen på prosjektet har gått opp

Den høge prisveksten i samfunnet etter at NTP blei lagt fram er hovudårsaka til at kostnadstalet no er høgare.

– Meir detaljering av prosjektet har gitt noko endring av fordelinga mellom veg og bane. Sjølv om fordelinga har endra seg, har kostnadane totalt sett faktisk gått ned, om ein justerer for prisveksten, fortel Sælensminde Erstad.

Kva blir den nye berekna bompengesatsen?

Statens vegvesen varsla at dei truleg vil be om tilslutning for ein gjennomsnittstakst på 44 kr. For å ta høgde for noko usikkerheit kan den bli opptil 51 kr. Dersom dagens rabattordningar gjeld i 2031 kan det bety bompengetakstar som i tabellen under i kvar bomstasjon.

Med nullutslepp (elbil) kan bompengetaksten bli ca. 18 kr på sideveg og 26 kr på ny veg i kvar bomstasjon.
Med nullutslepp (elbil) kan bompengetaksten bli ca. 18 kr på sideveg og 26 kr på ny veg i kvar bomstasjon.

Køyrer du med elbil frå Arna til Stanghelle på ny veg vil du passere tre bompengestasjonar (figur 1).

  • Med nullutslepp (elbil) kan bompengetaksten bli ca. 18 kr på sideveg og 26 kr på ny veg i kvar bomstasjon. Totalt må ein betale 54 og 78 kr. Køyrer du tur/retur heile strekninga fem dagar i veka utgjer dette ein kostnad på ca. 2 160 kr i månaden på sideveg og 3 120 kr på ny veg.
  • For ein fossilbil med brikkerabatt kan bompengetakstane bli 36 kr på sideveg og 52 kr på ny veg. Kostnadane kan bli 4 320 kr i månaden på sideveg og 6 240 kr på ny veg om ein dagpendlar heile strekninga.

Lokalpolitisk tilslutning i juni 2022 for bompengesaka er avgjerande for framdrifta

Det er Stortinget som skal fatte finansieringsvedtaket for prosjektet. Vegvesenet må ha eit endeleg lokalpolitisk vedtak på bompengefinansiering før vi kan sende saka til ekstern kvalitetssikring (KS2), som er eit krav før saka kan leggast fram for Stortinget.

– Prosjektet må fullfinansierast før vi kan vente at Samferdselsdepartementet bestiller KS2. Vi veit ikkje i dag om staten vil ta noko av kostnadsauken på vegprosjektet, difor foreslår vi at kostnadsauken kan dekkast med bompengar. Vi håper å få finansieringsvedtaket våren 2023, slik at vi rekk anleggstart i 2024, fortel Sælensminde Erstad.

Om ikkje kommunane godkjenner bompengeforslaget står prosjektet i fare for å bli forsinka.

Gode tilbakemeldingar frå kommunane

– På møtet i dag vart det det gode tilbakemeldingar på samarbeidet, involveringa og informasjonen frå Vegvesenet. No må vi avvente dei kommunale vedtaka, seier Sælensminde Erstad.

Aktuelt for fylke(r): Vestland

Katrine Sælensminde Erstad

Prosjektsjef
E-post: