Tysdag 7. september inviterer Statens vegvesen og Bane NOR til digitalt møte med fokus på søknaden om sjødeponi og handtering av massar.

Dato: 07.09.2021
Tidspunkt: 19.30-21.00
Lenke til møtet: Klikk her

Prosjektet E16 og Vossebanen Arna Stanghelle vil få eit stort overskot av massar. Mange nye tunnelar gir eit masseoverskot på meir enn 10 millionar m3 tunnelstein, eit volum som tilsvarar cirka 330 rådhus i Bergen. Vegvesenet og Bane NOR arbeider kontinuerleg med å finne samfunnsnyttig bruk av disse enorme overskotsmassane.

Møtet tysdag 7. september vil handle om arbeidet med massehandtering. Det vert særleg fokus på søknad om sjødeponi som Statsforvaltaren i Vestland har lagt ut til offentleg høyring. Ein vil få meir detaljert informasjon om bakgrunn for søknaden, løysingar og lokalitetar som er valt, og miljøundersøkingar som er gjennomført.

Det blir mogleg å stille spørsmål i chat til prosjektleiinga og fagpersonar. Møtet blir på Teams Live Event, og krev ikkje innlogging.

Det blei også arrangert folkemøte 25. og 26. august. Her kan du sjå opptak av møta.

Vi du vite meir om prosjektet?

Aktuelt for fylke(r): Vestland