Første anleggskontrakt på Fellesprosjektet Arna-Stanghelle er signert
Kontrakten er tildelt Nordisk Fjellsikring AS, og har ein verdi på i overkant av 25 millionar kroner.
-
Bilde 1 av 2: Bilete viser dagens E16 på Helle ved Lågaskartunnelen i retning Stanghelle. Området til venstre for dagens E16 er eit av områda som skal skredsikrast. Her skal det etter kvart sprengast ut ny vegtunnel mellom Helle og Vaksdal. Foto: Statens vegvesen -
Bilde 2 av 2: Venstre i illustrasjonen viser eitt av områda som skal skredsikrast. Her skal det etterkvart sprengast ut ny vegtunnel mellom Helle og Vaksdal.Til høgre ser ein dagens E16 og Lågaskartunnelen. Illustrasjon: Fellesprosjektet Arna-Stanghelle
Arbeidet omfattar reinsking og sikring av fjellskjeringar og montering av fleire steinspranggjerder ved dei framtidige anleggsområda for ny veg og bane mellom Arna og Stanghelle.
Avgjerande for tryggleiken i byggefase

Prosjektdirektør i Statens vegvesen, Kjartan Johan Hove og prosjektdirektør i Bane NOR, Eirik Harding Hansen, signerte kontrakten på vegne av Fellesprosjektet.
Skredsikringa er avgjerande for tryggleiken i områda der det seinare skal utførast sprengingsarbeid for nye tunnelar til veg og jernbane.
– Dette er startskotet for arbeidet med dei framtidige anleggsområda for ny veg og jernbane mellom Arna og Stanghelle, og vi ser fram til at arbeidet kjem i gang, seier Hove.

Harding Hansen gler seg òg over at arbeidet med å skredsikre anleggsområda no startar.
– Med denne kontrakten sikrar vi tryggleiken i anleggsfasen når vi seinare skal i gang med å byggje tunnelane.
Startar arbeidet i mai
Arbeidet er berekna å ta om lag eitt år, og skal etter planen starte om ein månads tid, i byrjinga av mai. Områda det skal arbeidast i ligg over framtidige tunnelar for veg og bane på fire stader i Vaksdal, ein stad på Stanghelle og eit område på Helle.
Om prosjektet
Fellesprosjektet Arna-Stanghelle er ferdig regulert, og regjeringa sendte førre veke fram proposisjon for finansiering av prosjektet til Stortinget.
Dersom Stortinget sluttar seg til regjeringas forslag er det venta at den første store entreprisen kan kome i gang i 2026.
Kontaktperson:
Katrine Sælensminde Erstad
Prosjektsjef Fellesprosjektet Arna-Stanghelle
Mobil: 416 80 912