Støyande arbeid på Vaksdal - NB! Dato endra nok ein gong, til fredag 12. desember
Helkopterflyginga i samband med skredsikringa på Vaksdal er flytta til fredag 12. desember. Dårleg vêr med mykje nedbør er årsaka.
Fredag 12. desember vil entreprenør, Nordisk Fjellsikring, flyga helikopter i samband med skredsikringsarbeidet i Tolåsen. Arbeidet skulle opphaveleg gå føre seg 10. desember, og vart først flytta til 11. desember. Flyginga er no utsett igjen, til fredag 12. desember. Arbeidet er avhengig av vêret.
I samband med montering av steinspranggjerde i Tolåsen har entreprenør behov for å flyga inn utstyr. Bebuarar i nærområdet vil oppleva støy frå helikopter fredag 12. desember i tidsrommet mellom klokka 09.00 og 16.00. Vi beklagar ulempene arbeidet fører med seg.
På nyåret blir det igjen behov for å bruke helikopter til å frakta materiell og verktøy. Tidspunkt for desse operasjonane er endå ikkje avklart, og vil bli varsla på førehand.
Kontaktperson
Askild Stordal
Nabokontakt
Mobil: 93 61 86 38