Blir du som huseigar råka av nye E16 på Vaksdal? Torsdag 28. oktober blir det informasjonsmøte for deg i regi av Statens vegvesen og Bane NOR.

Fellesprosjektet og Vaksdal kommune inviterer til eit informasjonsmøte med fokus på dei huseigarane som får huset sitt innløyst som følgje av K5 Arna – Stanghelle i Vaksdal kommune. Føremålet med møtet er å gje informasjon om prosjektet, tidshorisont, grunnerverv, innløysing og om kommunens utviklingsplanar og visjonar.

Dato: Torsdag 28. oktober
Tid: 19.00-20.30
Stad: Samfunnssalen, Vaksdal – Botnavegen 10

Tema for møtet:

  • Innleiing – velkomst frå ordførar Hege Eide Vik
  • Fellesprosjektet – prosjektstatus og grunnerverv
  • Vaksdal kommune – utviklingsplanar og visjonar

Det blir mogleg å stille spørsmål til prosjektleiinga, fagpersonar og kommunen.

Hjarteleg velkomen!

Aktuelt for fylke(r): Vestland