Det blir lysregulering på tre korte strekningar på E16 mellom Trengereid og Stanghelle frå fredag 6. februar kl. 02:00 til måndag 9. februar kl. 05:00.

Årsaka er arbeid i jernbanetunnelane mellom Arna og Dale, der togtrafikken blir stengd gjennom helga. Entreprenør treng tilgang til jernbanetunnelane frå E16 med utstyr og maskinar, og det er difor naudsynt stenge eitt køyrefelt på E16 på tre punkt.

Bilde av E16 og vossebanen ved Boge.
E16 og vossebanen ved Boge. Foto: Karoline Rage

Trafikken på E16 blir leidd forbi med trafikklys. Fredag og søndag ettermiddag vil ekstra mannskap vere på plass for å sikre god trafikkflyt. Dei tre strekka med lysregulering mellom Trengereid og Stanghelle er korte, mellom 50 og 100 meter. 

Arbeidet i jernbanetunnelane er i regi av Fellesprosjektet Arna–Stanghelle, og er del av dei førebuande arbeida. Innbyggarar på Langhelleneset kan merke noko aktivitet frå arbeidet i Hananipatunnelen.  

Trafikantar bør planleggje reisa si og rekne med lengre reisetid. Oppdaterte trafikkmeldingar finn du på appen Vegvesen trafikk eller på vegvesen.no/trafikk.

Meir informasjon om buss for tog mellom Arna og Dale, sjå Vy sin nettsider.

Aktuelt for fylke: Vestland