Artikkelen er over ett år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Marstrand og Møreforskning skal kvalitetssikre Fellesprosjektet Arna–Stanghelle.

KS2 OPPSTART: På befaring med representanter fra Møreforskning og Marstrand
KS2 OPPSTART: På befaring med representanter fra Møreforskning og Marstrand (Foto: Frode Dahl, Statens vegvegvesen).

– Dette er en viktig fase for prosjektet som skal gi grunnlag for at Storting og regjering kan ta ein endeleg avgjerd om investering, seier Katrine S. Erstad, prosjektsjef i Fellesprosjektet.

Alle samferdselsprosjekt over en milliard kroner må gjennom kontrollpunktet som går under navnet KS2. Dette er ein ekstern kvalitetssikring  der målet er å unngå feilinvesteringar og halde kontroll på kostnader.

Prosessen starta i begynnelsen av februar og rapporten skal vere ferdigstilt over sommarferien.

Fellesprosjektet er eit omfattande prosjekt der det er store kostnadar involvert. Grunna den høge prisveksten i fjor på 14,2%, har prosjektet nå ein indeksregulert kostnad på 30,1 mrd. i 2022 kroneverdi (eks. mva på bane) frå 26,4 mrd. i 2021-kroneverdi.

– Denne KS2 prosessen gjev oss som arbeidar med prosjektet tryggleik for at berekningane vi har gjort er korrekte slik at vi kan få dei midlane som trengs til gjennomføringa, seier Erstad.

Om prosjektet

Fellesprosjektet Arna–Stanghelle er eit skredsikringsprosjekt og Norges største tunnelprosjekt. Det er eit samarbeidsprosjekt mellom Statens vegvesen og Bane NOR. Prosjektet tek sikte på byggestart i 2024 og har rundt 10 års byggetid.

  • Fellesprosjektet Arna–Stanghelle skal bygge nesten 80 km tunnel med ny veg og bane i eit tunnelsystem med felles rømmingskonsept og tekniske løysningar.
  • Prosjektet vil redusere reisetida og auke kapasiteten for både veg og bane.
  • Strekninga mellom Arna og Stanghelle er svært rasutsett for både veg og bane med hyppige ras på strekninga. Dette gir ein svært utrygg reiseveg på både E16 og Bergensbanen på hovudkorridoren mellom Norges to største byer.
  • Europavegen er i tillegg ein ulykkesbelasta vegstrekning som også er kåret til Norges verste veg.
  • Jernbanen er prega av låg fart og sprengt kapasitet, og Vossebanen er den store flaskehalsen på Bergensbanen. Det er eit nasjonalt mål at meir gods skal på skinner, og det er ein auke i etterspørsel på grunn av dei store miljøgevinstane.
  • Prosjektet er eit viktig steg mot meir gods og reisande på regiontog til Voss/Myrdal og mellom Bergen og Oslo.
  • Samarbeidet mellom Statens vegvesen og Bane NOR, om felles løysningar og felles utbygging, sparer samfunnet for fleire milliardar.
Aktuelt for fylke(r): Vestland