No er fleire nøkkelstillingar ute i Noregs største tunnelprosjekt
Prosjekteringa av hovudentreprisane i Fellesprosjektet Arna-Stanghelle startar i 2026, og prosjektet søker dyktige folk til fleire nøkkelstillingar.
Prosjektsjef Katrine Sælensminde Erstad fortel at prosjektet mellom anna leitar etter fire prosjekteringsleiarar og fagansvarleg ingeniørgeolog. To av stillingane er lyst ut no medan resten kjem på nyåret.
Stillingane som er ute no
– 2026 startar med eit brak! Vi skal endeleg i gang med prosjektering av hovudentreprisane våre, og det hastar med å få desse stillingane på plass. Vi inngår ein stor rådgjevingskontrakt i første kvartal, og då må vi ha prosjekteringsleiarar klare, seier Erstad.
Skal leie prosjekteringa av veg- og banetunnelane
Dei fire prosjekteringsleiarane blir tilsette i anten Bane NOR eller Statens vegvesen – ei unik moglegheit til å jobbe for to av landets største byggherrar i eitt og same prosjekt.
– Prosjekteringsleiarane har ei nøkkelrolle. Dei skal leie prosjekteringa av hovudentreprisane og følgje opp arbeidet til rådgjevar. Målet er å sikre gode, optimaliserte og byggbare løysingar som oppfyller krav til sikkerheit, kostnader, ytre miljø, framdrift og kvalitet, forklarar Erstad.
I stillinga som fagansvarleg ingeniørgeolog kjem du inn rett før vi startar bygging av den første tunnelentreprisen for anleggs- og tilkomstunnelar. Bygginga startar allereie hausten 2026.
– Fagansvarleg ingeniørgeolog blir ein nøkkelperson i planlegginga og den praktiske gjennomføring av den første tunnelkontrakten , seier Erstad.
Fleire stillingar kjem ut i januar
I tillegg til stillingane omtala her kjem og fleire stillingar ut på nyåret, mellom anna søker prosjektet byggjeleiar.
– Vi i gang med oppbemanning, og fleire stillingar for gjennomføring av prosjektet vert lyst ut i første kvartal 2026, seier Erstad, som oppmodar folk til å følje med og sende søknad.
Dette skjer i 2026
I tillegg til prosjektering av hovudentreprisane, startar fleire viktige arbeid opp neste år:
- Sikring av tre eksisterande jernbanetunnelar
- Etablering av riggområde på Dalehagen
- Bygging av ny kontroll- og vektplass på Furnestreet
- Oppstart av den første tunnelentreprisen i prosjektet for anleggstunnelar
Prosjektet skal også flytte frå Bergen sentrum til Arna, der bygginga av nytt anleggskontor startar i 2026.