Rådgivarkontrakten for Fellesprosjektet Arna–Stanghelle er signert
I dag markerte prosjektet signeringa og startskotet for prosjekteringa av hovudentreprisane saman med Norconsult og Aas-Jakobsen.
Norconsult og Aas-Jakobsen leverte tilbodet med best forhold mellom pris og kvalitet, og vart i februar tildelt kontrakten som har ein verdi på inntil 2,2 milliardar kronar. Konrakten, som er utforma som ei rammeavtale med varigheit på inntil åtte år, vart signert forrige veke. Norconsult og Aas-Jakobsen skal utarbeide designbasis, konkurransegrunnlag for hovudentreprisane, og bistå med oppfølging i byggefasen. Den første hovudentreprisen på tunnelane for veg og bane skal etter planen vere klar til utlysing i 2028, og starta opp i 2029.
Store forventningar til rådgivar
Då kontrakten vart lyst ut våren 2025 kom den ut med store forventningar til marknaden. Fellesprosjektet ynskte å utfordre bransjen innan klima, miljø og berekraft for å utvikle dei beste løysingane for prosjektet.
Rådgivar-duoen er glade for å ha landa kontrakten og «let seg ikkje skremme» av forventningane til to av landets største byggherrar i det som blir noregshistorias hittil største tunnelprosjekt
– Vi set stor pris på tilliten og ser fram til å bidra med framtidsretta og berekraftige løysingar i tett samarbeid med prosjektet, seier Bård Sverre Hernes, konserndirektør for Hovedkontor Norge i Norconsult.
Saman med prosjektet skal dei utvikle og utfordre bransjen med ny teknologi, spesielt innan berekraft, klima og miljø. Løysningane skal ivareta både vegvesenet og Bane NOR sine tekniske krav – ei utfordring rådgivarane gler seg til å ta fatt på. Norconsult og Aas-Jacobsen har erfaring med planlegging, prosjektering og bygging av store tverrfaglige infrastruktur-oppdrag.
Skal levere framtidsretta løysingar
Prosjektdirektøren i Bane NOR og utbyggingsdirektøren i Statens vegvesen er glade for at kontrakten er signert og at Norconsult og Aas-Jacobsen er motiverte og gira på å kome i gang med arbeidet.
– Dette er ein stor dag for Fellesprosjektet Arna–Stanghelle, der Statens vegvesen og Bane NOR saman skal realisere eit av dei mest omfattande infrastrukturprosjekta i landet. Med Norconsult og Aas-Jakobsen på laget får vi samla kompetanse frå fleire fagmiljø, noko som er avgjerande for å levere framtidsretta løysingar, seier prosjektdirektør i Bane NOR, Eirik Harding Hansen.
– Dei to rådgivarane har omfattande erfaring og spesialkompetanse innan tunnelprosjektering og store infrastrukturprosjekt. Med sin dokumenterte evne til å levere nye og berekraftige løysningar, er dei godt rusta til å handtere dei komplekse utfordringane prosjektet byr på, seier utbyggingsdirektør i Statens vegvesen, Kjell Inge Davik.
Modellbasert prosjektering
Fellesprosjektet Arna–Stanghelle har lang byggjetid som gir gode moglegheiter til å prøve ut ny teknologi og materialar. Prosjektet omfattar totalt rundt 80 kilometer tunnel inklusive hovudtunneler, rømming-, tilkomst- og anleggstunnelar. Når hovudentreprisane blir prosjektert av same leverandør, blir grensesnitt mellom dei ulike entreprisane og delprosjekta betre koordinert. Det sikrar at tekniske og praktiske løysingar heng saman og gir betre ressursutnytting og kontroll med kostnader og miljøpåverknad.
Modellbasert planlegging og tett samarbeid mellom ulike fagmiljø gjer at ein tidleg kan identifisere og løyse potensielle utfordringar og redusere risiko for feil og sikre betre samhandling mellom veg og bane. Dette gir moglegheit til å optimalisere prosjektgjennomføringa, til dømes ved å planlegge for mest mogleg effektiv logistikk og materialbruk.
Kontaktperson:
Katrine Sælensminde Erstad
Prosjekfsjef
Mobil: 416 80 912