Fellesprosjektet førebur fleire arbeid langs E16. Her er ei kort oversikt over status no og planane framover.

Arbeidet med å byggje den nye kontroll- og vektstasjonen på Furnestreet er godt i gang. Furnestreet skal erstatte dagens anlegg på Romslo. Når kontroll- og vektstasjonen står ferdig kan Statens vegvesen kontrollere køyretøy i begge køyreretningar på E16. 

Anleggsarbeidet fører til mykje tungtrafikk inn og ut av området. Fartsgrensa forbi Furnestreet er sett ned til 70 km/t. Det er førebels ikkje planlagt stans i trafikken eller ledebilkøyring. Trafikantane må følgje skiltinga og vise omsyn når dei passerer anleggsområdet. Etter planen skal arbeidet på Furnestreet vere ferdig ved årsskiftet 2027/2028. 

Bygging av anleggstunnelar 

Det neste store steget i prosjektet er tildelinga av kontrakten for bygging av anleggstunnelar og tilhøyrande sjakter ned i Sørfjorden. Kontrakten omfattar også etablering av seks rundkøyringar på E16 og skredsikring langs E16. Etter planen skal kontrakten tildelast i løpet av oktober, med planlagd byggjestart i slutten av november i år. 

Når entreprenøren er på plass, kan prosjektet gi meir detaljerte tidspunkt for arbeida. Påverknaden på trafikken på E16 blir svært avgrensa i år, medan aktiviteten aukar frå 2027. Meir informasjon om dei enkelte arbeida og konsekvensane for trafikantane kjem når oppstart nærmar seg og entreprenøren er valt.  Etter planen vil arbeid på desse områda vere dei første som startar opp  

  • Romslo: Etablering av riggområde og to rundkøyringar på dagens E16.
  • Trengereid: Etablering av rundkøyring og arbeid med å gjere området klart for massemottak frå anleggstunnelane.
  • Rødberg: Det skal byggjast ei rundkøyring for å sikre tilkomst til Trengereid når Trengereidsvingane blir stengd.
  • Langhelleneset: Først skal Langhellevegen leggjast om. Når dette er gjort, kan arbeidet med ny rundkøyring på E16 ta til, etter planen i løpet av våren 2027.
  • Gamle Fossen: I første omgang skal det gjennomførast skredsikring i terrenget. Det kan bli aktuelt med noko trafikkregulering dersom det er fare for nedfall på E16. Etter skredsikringa skal det etablerast fleire høge bergskjeringar og ei rundkøyring på E16. Dette er omfattande og krevjande arbeid, og det er særleg i denne fasen E16 vil bli påverka. Arbeidet er planlagt først våren 2027, og prosjektet kjem tilbake med meir informasjon når tidspunkt og gjennomføring er nærare avklart. 
Aktuelt for fylke: Vestland