6-7. april 2022 er det befaring i planutgreiingsområdet med representantar frå Vegvesenet og Rambøll.

Frå befaring på Bokn hausten 2021
Frå befaring på Bokn hausten 2021 (Foto: Sunniva L. Seterås, Statens vegvesen)

– Befaring er ein del av vårt arbeid med å bli kjent i planutgreiingsområdet for alle som jobbar med kommunedelplanen for E39 Bokn-Hope. De som deltek har ansvar for ulike fagområde som veg, landskap, kulturvern, naturmangfald og meir, fortel Henry Damman, planleggingsleiar for E39 Bokn-Hope.

Det er om lag 40 personar som deltek desse to dagane og det er mange stader som skal besøkast.

Ta gjerne kontakt

Ser du folk i gule vestar som vandrar rundt med kart langs vegen eller i landskapet, så er du sjølvsagt velkommen til å ta kontakt.

– Vi tek gjerne i mot tips og kunnskap frå lokalbefolkninga som kan være nyttig i planleggingsarbeidet. Det kan vere både smått og stort, seier Damman.

Befaringa vil foregå fra Bokn i sør og til Hope ved Førde i nord.

Aktuelt for fylke(r): Vestland