Motsegn gir 21 myndigheiter moglegheit for å krevje endringar eller stoppe planen. Det kan forsinke vedtak og avgjersle om planen.

Først, kva er forskjell på merknad og motsegn?

Ein merknad er eit skriftleg innspel frå enkeltpersonar, organisasjonar, verksemder eller myndigheiter til eit planforslag. Merknader kan innehalde synspunkt, forslag til endringar, bekymringar eller støtte til planforslaget.

Ein merknad har ikkje same formelle kraft som eit motsegn. Eit motsegn kan forsinke arbeidet i lengre tid.

Kva skjer med min merknad?

Mens motsegner kan stoppe eller krevje endringar i planforslaget, fungerer merknader meir som rådgivande tilbakemeldingar til dei som utarbeider planen. Alle merknader blir gjennomgått og vurdert, men det er opp til kommunen å avgjere korleis dei skal handtere innhaldet i merknadene i den endelege planen.

Når kan eg sende inn mine merknadar?

Høyringa av planforslaget vil bli annonsert i lokale aviser og på nettsidene til kommunane og Statens vegvesen. Vi kjem også til å melde frå via vårt nyheitsbrev som du kan melde deg på her.

Motsegn

Motsegna, innsigelse på bokmål, gir myndigheitene moglegheit til å krevje endringar eller stoppe planen. Ved motsegn skjer følgande prosess:

  • Motsegna må vere sendt innan fristen for høyring av planforslaget.
  • Når planen har kome til denne fasen, er det kommunen som har ansvaret for den vidare prosessen. Kommunen bør som oftast drøfte saka med Statens vegvesen og den myndigheita som har kome med innvendingar, for å sjå om det er mogleg å bli einige slik at motsegna kan trekkjast. Dersom ein blir einige, kan kommunen vedta planen.
  • Dersom drøftinga ikkje fører fram og kommunen vel å ikkje ta omsyn til ei motsegn, skal det normalt bli gjort mekling mellom kommunen og myndigheita som har fremja motsegn. Statsforvaltaren vil fungere som meklar i denne prosessen. Eventuell løysing går inn i planforslaget og kommunen kan vedta planen.
  • Dersom heller ikkje meklinga fører fram sendes saka frå kommunen via Statsforvalteren til Kommunal og dirstriktsdepartmentet for avgjerd.
  • Ein slik prosess kan medføre at vedtak av planen blir forseinka. Dersom mange motsegn vert sendt inn, vil prosessen kunne verte ytterlegere forseinka. I verste fall kan prosessen ta fleire år.

Ei motsegn er ein formell protest som myndigheiter kan fremje mot planen viss dei meiner at han strir mot nasjonale eller regionale interesser.

Statsforvaltaren

Representerer staten i fylket og kan fremje motsegner knytt til nasjonale og regionale miljø- og samfunnsinteresser.

Fylkeskommunen

Har ansvar for fylkets utvikling og kan fremje motsegner knytt til regionale planar og strategiar.

Statlege fagmyndigheiter

Avinor, Bane NOR, direktoratet for mineralforvaltning, direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap, direktoratet for strålevern og atomsikkerhet, Fiskerdirektoratet, Forsvarsbygg, Kystverket, Luftfartstilsynet, Mattilsynet, NVE, Oljedirektoratet, Politidistriktene, Riksantikvaren, Sametinget, Statens vegvesen og Statsbygg.

Nabokommunar

Kan fremje motsegner viss planen har konsekvensar for deira område.