– Vi ynskjer at folk som bur i området skal oppleve å få god oversikt slik at det skal være lett å følgje med , seier planleggingsleiar Henry Damman. 

Den nye informasjonsportalen skal gi god og enkel tilgang til informasjon om planarbeidet (Illustrasjon: Rambøll)
Den nye informasjonsportalen skal gi god og enkel tilgang til informasjon om planarbeidet (Illustrasjon: Rambøll)

Det er nettopp alle dei som bur i planleggingsområdet som prosjektet no håper vil følgje med i informasjonsportalen. Prosjektet tar mål av seg å oppdatere portalen hyppig med smått og stort. Den vil innhalda kart, video og blider og små tekstar, og den fungerer like godt på mobil som på PC eller nettbrett. 

– Vi er avhengig av god medverknad med folk som bur i planleggingsområdet. Dei kjenner området best. Prosjektet ynskjer god og open kommunikasjon og vi vil oppfattast som eit prosjekt som det er  lett å ta kontakt med, seier Damman. 

Informasjonsportalen er eit tillegg til prosjektets nettsider på vegvesen.no, og dei vil utfylle kvarandre.  

– Lansering av informasjonsportalen markerer at vi verkeleg er i gang med arbeidet med eit av Vestlandets mest spanande prosjekt, avsluttar Damman. 

Aktuelt for fylke(r): Vestland