Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

Innspela frå høyring av kommunedelplan E39 Byrkjelo–Grodås er no handsama, og planen går tilbake til kommunane for endeleg vedtak.

Nokre stadar er løysingane vurdert på nytt og traseen justert, mellom anna på Byrkjelo.

-Vi har gått igjennom innspela me fekk inn, og nokre stader har vi gjort endringar. På Byrkjelo er kryssløysinga og ny tilkomst til meieriet tilpassa etter innspel. Vi har også mellom anna jobba med tilpassingar i Innvik og Hornindal, og vi har sett på løysinga der brua kjem i land på Svarstad, seier planleggingsleiar Ellen Njøs Slinde i Statens vegvesen.

Sjå oppdaterte kart og dokument

Byrkjelo

På Byrkjelo er planane justerte etter innspel frå mellom anna bondelag, grunneigarar og Tine Meieriet Byrkjelo. Krysset er flytta nærmare sentrum og meieriet, E39 blir heva i forhold til løysinga som var på høyring, og vegsambandet til Byrkjelo og Sandane blir kortare og meir direkte. Ny løysing tek høgde for areal til framtidig utviding av meieriet og plass for kollektivknutepunkt.

Utvik og Innvik

Frå Innvik kom det mellom anna innspel om at tilførselsveg til fv. 60 må leggjast mellom Utvik og Innvik på ein måte som skåner mest mogleg landbruksjord. Det vestlege alternative for fv.60 (som ligg nærast Utvik) er det som no er vist i planen. Mange trakk også fram at ny E39 bør plasserast så høgt som mogleg i terrenget. Det alternativet som ligg til vedtak, er i konsekvensutgreiinga peika på som det beste ut frå ei samla vurdering av miljøtema friluftsliv/nærmiljø, naturressursar (landbruk) og naturmangfald. Alternativet har i tillegg minst stigning og er difor til best nytte for trafikantane. Eit anna sentralt moment frå Stryn kommune er ynskje om fullt kryss på Svarstad, og tilrådinga er at kryssløysing blir utgreidd og vurdert på nytt når ein skal utarbeide reguleringsplan for E39.

Hornindal

I Hornindal gjekk fleire av merknadene på at alternativ H3 tek for mykje landbruksjord, og at Hornindal barnehage må skjermast best mogleg ved evt. val av alternativ H2. Elles kom det inn spørsmål rundt gang- og sykkelvegløysingar, vegvedlikehald og snørydding. For det tilrådde alternativet H2 går ein inn for å forlenge tunnelportalen, bruke meir mur for å spare dyrka jord og at løysinga for støytiltak blir meir detaljert i reguleringsplanen.

Fylkesmannen i Vestland kom med motsegn mot alternativ B2 og B3 på Byrkjelo og austleg alternativ for tilførselsveg til fv. 60 ved Innvik. Motsegna er tekne til følgje, og ny E39 vil følgje alternativ B1. Ved Innvik er austleg tilførselsveg teken ut av plankartet.

Justert kommunedelplan etter høyringsrunda går no tilbake for endeleg handsaming i Gloppen, Stryn og Hornindal kommunar. Målet er å få vedteke planen i haust, slik at prosjektet kan gå vidare i prosessen fram mot finansiering.

Ope møte

Det vil også bli arrangert eit ope møte på Bykjelo 29. august kl. 19.00–21.00 på ungdomshuset Breidarheim. Der vil dei nye planane for plassering av E39 og kryssløysing blir presenterte i detalj.

Bandlegg område

Kommunedelplanen for E39 Byrkjelo–Grodås bandlegg ei sone på kvar side av framtidig vegtrasé, og når reguleringsplan seinare skal utarbeidast blir endeleg plassering av vegen innafor dette beltet bestemt. I samband med revisjon av Nasjonal transportplan (NTP) for perioden 2022–33 vil det bli vurdert om ny E39 kan byggjast i to steg, der strekninga Byrkjelo–Svarstad eventuelt kan byggjast først.

Aktuelt for fylke(r): Møre og Romsdal, Vestland