Statens vegvesen lyser i desse dagar ut oppdraget med å bygge ny E39 i Jølster. Om alt går som planlagt kan anleggsarbeidet starte i mars 2017.

Det skal i alt byggast 11 kilometer ny E39 på strekninga. Den nye vegen skal om lag følgje same linja som dagens E39, men blir betydeleg breiare og med betre standard.

- Utfordringa i anleggsperioden blir trafikkavviklinga. I gjennomsnitt passerar 3500 bilar denne strekninga kvart døgn, og vegen er viktig både som hovudferdselsåre og lokalveg i Jølster, seier Svein Reidar Dale, prosjektleiar i Statens vegvesen.

Frå Årdal til Skei, i alt 6,5 kilometer, skal det byggast parallell gang og sykkelveg. Denne vil bli skilt frå hovudvegen med ei tre meter brei grøft.

Underskot av stein – skal drive tunnel

Prosjektet har underskot på stein, og det er difor bestemt at det skal drivast ein 2,5 kilometer tunnel i Kjøsnesfjorden, ein tunnel som kan bli ein del av eit framtidig rassikringsprosjekt.

- Allereie før jul vil det bli sett opp fanggjerde i Pevika, som området heiter, for å sikre tunnelpåhogget. For å skaffe nok masser må entreprenøren som får oppdraget med å bygge ny E39, ganske fort gå i gang med tunneldrivinga, fortel Dale.

På Kjøsnes blir det deponi, der stein frå tunnen blir mellomlagra, knust og foredla til bruk i vegbygginga.

Framdrift

Anbodet skal no ligge ute dei neste månadane. Onsdag 23.november inviterer Statens vegvesen til tilbodssynfaring på Skei i Jølster, der interesserte entreprenørfirma får høve til å sjå området og stille spørsmål til konkurransegrunnlaget.

Frist for å levere inn tilbod er 6. januar 2017. Det blir signering av kontrakt i månadsskiftet januar/februar, og oppstart kort tid etterpå.

E39-Bjorset-Skei

Prosjektleiar Svein Reidar Dale Foto: Heidi Ravnestad
Aktuelt for fylke(r): Vestland