Artikkelen er fra 2010, og innholdet kan være utdatert.

Nærare 40 gaularværingar var møtte fram til ope møte på Sande kro. Tilstades var planansvarlege frå Statens vegvesen, i tillegg til to representantar frå konsulentselskapet Rambøll, som skal utføre planarbeidet.

E39 går i dag tvers gjennom Sande, kommunesenteret i sunnfjordkommunen Gaular. I kommunedelplanen frå 1998 vart det vedteke at vegen skal leggast i ny trase vest for sentrum. Prosjektet er med i NTP 2010-2019, med oppstart 2012.

Medverknad
Målet med møtet var å informere om resultatet av planarbeidet så langt. Reguleringsplanen skal bestemme kvar vegen skal gå, avkøyrsler, gåande/syklande, støytiltak osv.
Møtet vart leia av ordførar i Gaular, Jenny Følling.  Ho tykkjer det er bra at Vegvesenet held slike informasjonsmøte, for det gjev innbyggjarane høve til å komme tidleg inn i planprosessen.
– Her kan de få informasjon og komme med ynskje, og i morgon blir det kontordag. Det er også ei god moglegheit for dykk til å ta kontakt med vegvesenet, var hennar oppmoding til sambygdingane.

Planleggingsleiar Ingar Hals gjekk igjennom bakgrunnen for planarbeidet og vidare framdrift.
– Vegplanen er slett ikkje ferdig. Vi ynskjer flest mogleg tilbakemeldingar, men helst så snart som mogleg, understreka Hals.
Han ser føre seg at planen kan gå ut på høyring i januar/februar 2011. Deretter blir det eit nytt ope møte i februar/mars, før det blir eit endeleg vedtak i mai.

Vegingeniørane frå Rambøll,  Monica Buran og Ingrid Haugan Hansen fortalde om vegstandard og kryssløysingar, og la fram ortofoto med veglinja. Ortofoto er flybilete med same geometriske eigenskapar som eit kart.

Grunnerverv
Når det kjem til konsekvensane for eigedomane langs den nye strekninga er enno ikkje heilt avklara. Tilstades for å svare på spørsmål knytt til grunnerverv var representant for Vegvesenet si eigedomsavdeling, Nils Henjum.
– Eg vonar det kjem mange grunneigarar innom når vi har kontordag i morgon. Arbeidet med kartforretning blir gjort til våren, for det er viktig å får registrert merkesteinar. Byggeplan blir laga når reguleringsplan er godkjent, då veit vi kor mykje som skal løysast inn, forklarte han.

Torsdag 4.november hadde Vegvesenet kontordag på kommunehuset i Gaular. Mange møtte fram for å få svar på sine spørsmål knytt til planane. 

Reguleringsplan:
Bestemmer arealbruk og sikrar det juridiske grunnlaget for grunnerverv(bygging).
Det er ein kommunal plan som skal vedtakast i kommunestyret. Etter avtale med kommunen køyrer Statens vegvesen prosessen fram mot vedtak. Planarbeidet blir utført i samråd med kommunen.

Aktuelt for fylke(r): Vestland