Artikkelen er fra 2011, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen har utarbeida forslag til reguleringsplan for E39 ved Instefjord i Gulen kommune, slik at kryssområde samt tilhøyrande vegnett blir gjort tryggare enn i dag.

Forslag til reguleringsplan vart behandla i Gulen kommune den 28. januar. I tråd med §12-10 i plan- og bygningslova, er planen sendt ut på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn fram til 18. mars 2011.

Alle direkte rørte partar vert tilskrivne direkte, men planen ligg og tilgjengeleg hjå Gulen kommune og på Gulen kommune sitt planregister på internett for dei som ynskjer innsyn. Alle har rett til å kome med innspel til planen.

Spørsmål kan rettast til
Jørgen Sandø, Statens vegvesen, tlf. 55 51 62 68
Kjell-A. Reigstad, Gulen kommune, tlf. 57 78 20 00

Eventuelle merknader må vere skriftlege og skal sendast til
Gulen kommune, Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik
eller på e-post til: postmottak@gulen.kommune.no

Etter at fristen for innspel er ute og me har tatt stilling til innkomne innspel, vil planen bli presentert for kommunen for endeleg stadfesting. Om det vert gjort store endringar som fylgje av innspel, vil planen bli lagt ut til offentleg ettersyn ein gong til etter same prosedyre.

Aktuelt for fylke(r): Vestland