Elevar frå Hafstad vgs fekk vere med på biologisk kartlegging i Storelva på Skilbrei.

Tysdag 30. november var Biologi 1 ved Hafstad vgs på fagdag i Storelva på Skilbrei. Elevane fekk vere med to biologar frå Sweco i arbeidet deiras. Thomas Ruud og Max Waalberg er miljørådgjevarar, og dei har ansvar for kartlegging av miljøfaktorar i Storelva på Skilbrei, i samband med bygging av ny E39 frå Storehaug til Bruland.

Personar ute i elv med vadebukser, søker etter bunndyr for biologisk kartlegging
Elevane Thomas Tefre, Amalie Bruket Mandelid og Kjellfrid Støylen Skilbrei ute i elva saman med biologane.

Ved slike store prosjekt er det viktig at ein har oversikt over kva økologiske konsekvensar ei slik utbygging får, og kva tiltak ein kan gjere på plannivå for å unngå at viktige økosystem vert øydelagde. Elevane fekk vere med å kartlegge nokre nøkkelartar for miljørådgjevarane og fokuset denne dagen var på ørretyngel, botndyr, og elvemusling. Elvemusling er det lite truleg at finst i elva, men biologane var spente på resultat frå ørretyngel og botndyr, som kan sei noko om kva økologisk tilstand elva er i.  

Elevane ved Hafstad vgs er flinke å kle på seg i vinterkulda, så det var imponerande innsats i 2,6 graders vatn og -5 graders lufttemperatur, men det var godt å komme inn og varme seg på Skilbrei Ungdomssenter. Her åt dei ein god lunsj, og fekk litt varm drikke medan miljørådgjevarane hadde føredrag. 

To skuleelevar kikkar nedi ein kasse med sand frå elva.
Sand og grus frå botn av Storelva vart undersøkt, for å finna levande skapningar.

Thomas og Max hadde ein veldig fin presentasjon på korleis det er å vere rådgjevande biolog, kva utdanningsløp dei har tatt, kor viktig elvar og bekkar er for økosystema og kva tiltak ein kan gjere for å forbetre økologisk tilstand for bekkane.  

Biologielevane frå Hafstad vgs vil fortsette samarbeidet med biologane, og dei skal vere med på feltarbeid når våren kjem.