E39 Liadal
Hovudmålet med prosjektet er å skaffe formelt plangrunnlag til å utbetre E39 på strekninga.
12.12.2022 — Detaljregulering E39 Liadal på høyring og offentleg ettersyn. Frist for merknader og innspel er 10. februar 2023.
Planområdet på E39 Liadal strekkjer seg frå kryss ved Håvollbakken i nord til krysset ved Halsevegen i sør. Det blir teke med tilstrekkjeleg sideareal for å sikre ei trygg trafikkavvikling i anleggstida, samt vurdere moglegheitene for å samle eller betre tilrettelegginga for tilkomstar der dette er nødvendig. Vi tek siktemål om å legge til rette for etablering av gang- og sykkelveg på strekninga.
Mål med planarbeidet er å skaffe formelt plangrunnlag til å utbetre E39 på strekninga. Store delar av vegstrekninga på Liadal ligg i sidebratt terreng og vegen er svært smal. Kurvatur og rekkverk på vestsida av vegen medverkar til dårlege siktforhold. Dei langsgåande murane på austsida av vegen er i dårleg forfatning og det må gjerast tiltak for å sikre desse. Det er heller ikkje løysing for mjuke trafikantar på strekninga, og det opplevast farleg for gåande og syklande å ferdast langs vegen.
- Vei:
- E39
- Fase:
- Planfase
- Kommuner:
- Ørsta
- Fylker:
- Møre og Romsdal
Prosjektkontor
- Besøksadresse:
- Vestre Olsvikveg 13, 6019 Ålesund