E39 Smiene–Harestad fekk fleire konkrete innspel då prosjektet inviterte til open kontordag på Rogfast-riggen, tysdag 22. november.

– Det er arrangert fleire folkemøtar, med høg temperatur. Open kontordag ble ei  mykje betre løysing, seier prosjektleiar Laila Løkken Christensen-Dreyer.

Bakgrunn

Statens vegvesen skal utvide E39 til fire felt på strekninga frå Smiene på Tasta til Harestadkrysset i Randaberg.

På kontordagen var det mogleg å få informasjon om endringar i prosjektet, og grunneigarar fekk høve til å snakke med prosjektmedarbeidarar frå Statens
vegvesen. 

– Vi fekk fleire konstruktive innspel frå berørte naboar som vi tek med oss vidare. No er vi forhåpentleg nær ei løysning, seier prosjektleiaren.

Her kan du sjå illustrasjonane og teikningene som blei vist på den opne kontordagen

Vi gjør oppmerksam på at teikningene som er lagt ut, kun er førebels og det kan kome endringar.  

Sykkelrute

Vegteikningar

Kontakt

Har du spørsmål eller andre henvendelsar, ta kontakt med prosjektleiar

Laila Løkken Christensen-Dreyer, tlf. 976 28 370,
e-post

Aktuelt for fylke(r): Rogaland